Sognefjellet: Endå ein gong er fjellovergongen på fylkesveg 55 mellom Lom og Luster stengd grunna uvêr.
Frå formiddagen onsdag er fjellovergongen stengd. Vegvesenet vil ta ei ny vurdering klokka 09.00 torsdag morgon.
Fjellovergongen har vore mykje stengd den siste tida. Det er uvêr og vanskelege køyreforhold som får skulda.
