JORDRAS: Ras i Jølster stenger fleire vegar.
JORDRAS: Ras i Jølster stenger fleire vegar. (Foto: Bård Siem/NRK )

Slik er status på dei stengde vegane etter raset i Jølster

Tysdag kveld gjekk eit stort ras i Jølster i Sunnfjord, og fleire vegar er stengde som følgje av raset.

Sogn og Fjordane: Statens vegvesen får ikkje opna E39 eller fylkesvegane ved Hyen i dag, det melder vegvesenet i ei pressemelding. 

Her er status på dei stengde vegane:

  • E39 Førde – Skei: Blir ikkje opna i dag. Opprydding er i gang på fleire punkt. Mykje masse skal ryddast bort, men det ser ut som om bruene har klart seg. Ny status på opning blir sendt ut i morgon.
  • Fv. 451 Vassenden – Kjøsnes: Blir ikkje opna i dag. Rasområdet er framleis ustabilt, kanskje rydding i morgon.
  • Fv. 491 Ommedal: Blir ikkje opna i dag. Tverrelva bru er heilt borte. Brua blir erstatta av midlertidig løysing av betongkulvertar og steinmasse i morgon, slik at ein får forbindelse til dalen. Rydding pågår i dag lenger inn i dalen.
  • Fv. 615 Storebru-Sandane: Blir ikkje opna i dag. Framkomst frå Storebru forbi Hyen til raset ved Brødrene Aa.
  • Rv. 13 Moskog-Gaularfjellet: Opnar i kveld etter flaum ved Holsen. Rasmasse blir gravd vekk og elva ført bort frå vegen. Blir kunngjort på vegvesen.no/trafikk
  • Trafikken på E39 blir framleis omdirigert via Vadheim, Høyanger, ferja Dragsvik-Hella og rv.5 Sogndal-Skei.

Det blir sett inn ekstra avgangar på Dragsvik-Hella også i natt.

Ein mann er sakna etter raset

Det var tysdag ettermiddag at kraftig uvêr i Sunnfjord førte til fleire ras i Jølster. Det har gått hardt utover E39 ved Svidalsneset og Årsetbakkane på Vassenden, skriv NRK.

– Vatnet har grave opp Årsetelva. Den er ikkje til å kjenne att. Det er store mengder jord, stein og tre som har velta utover Årsetbakkane og renn nedover mot E39, sa eit augevitne til NRK i går. 

Fyrst var det ingen sakna etter raset, men no melder NRK at ein mann i 50-åra er sakna etter at ein bil blei teken av jordskredet som gjekk på sørsida av Jølstravatnet. 

– Det er grunn til å tru at den sakna mannen køyrde bilen, opplyser politiet i ei pressemelding.

Til toppen