Slik er status på fjellet: Uvêr stengjer Sognefjellet heile dagen.

Slik er status på fjellet: Uvêr stengjer Sognefjellet heile dagen.

Ny vurdering tysdag.

Sognefjellet: Uvêr og krevjande forhold har stengd Sognefjellet mykje den siste tida. Måndag er ikkje annleis.

I den siste oppdateringa frå klokka ni står det at Sognefjellet vil vere stengd ut dagen og gjennom natta. 

Det vil bli gjort ny vurdering tysdag klokka ni.

Slik er status

Filefjell:
Fjellovergongen var bar og våt klokka 05.30. Det var meldt om lag null grader, laber bris og sludd. 

Hardangervidda:
Klokka 05.30 var det to grader og stiv kuling, skya og middels snø. 

Vikafjellet: 
Klokka kvart på seks var det ei plussgrad, frisk bris og lette snøbyger på Vikafjellet. 

Hemsedalsfjellet: 
På Hemsedalsfjellet var det i dag tidleg bart og vått, med nokre glatte parti. Det var om lag to grader, frisk bris frå sør og lett regn. 

Til toppen