KOLONNE: Over Hemsedalsfjellet er det innført kolonnekøyring, men berre for køyretøy over 7,5 tonn.
KOLONNE: Over Hemsedalsfjellet er det innført kolonnekøyring, men berre for køyretøy over 7,5 tonn. (Foto: Webkamera/Statens vegvesen)

Slik er tilstanden på fjellovergangane akkurat no

På grunn av den sterke vinden er berre Filefjell open og utan kolonnekøyring.

Indre Sogn: Det bles framleis hardt og ikkje berre på kysten. Det går ut over trafikken og i Indre Sogn er berre Filefjell av fjellovergangane open.

Meteorologisk institutt sende i går ut OBS-varsel på grunn av den sterke vinden. Det er ikkje venta at vinden skal løya før tysdag morgon. 

Her får du oppdatert status på vegane:

  • Filefjell har vore open, men om lag klokka halv to måndag ettermiddag vart også denne vegen stengt grunna bilberging. Ti på tre om ettermiddagen opna han derimot atter opp.  Yr har meldt minus seks grader, frisk bris (9m/s) og snø utetter ettermiddagen.
  • Fjellovergangen mellom Aurland og Hol er no heilt stengt for trafikk. Det melde Statens vegvesen 11.02.
  • På vegen over Hemsedalsfjellet er det no tysdag kolonne over fjellet, som både tunge og lette bilar kan vera med i. 
  • Årdal-Tyin opna for fri ferdsle tysdag omlag klokka tolv om dagen
  • Vikafjellet vert ikkje opna i dag (tysdag) melder vegvesenet. 
Til toppen