VEDTEKSTENDRING: SFO i Årdal vert ikkje stengt i fire veker om sommaren dersom minst fem born er påmeldt. Då blir det halde ope i veke 29 og 31. Stein Idar Sem-Johansen (Ap) var skeptisk til det vedtaket. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
VEDTEKSTENDRING: SFO i Årdal vert ikkje stengt i fire veker om sommaren dersom minst fem born er påmeldt. Då blir det halde ope i veke 29 og 31. Stein Idar Sem-Johansen (Ap) var skeptisk til det vedtaket. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Slik er vedtekstendringane for SFO i Årdal

Kommunestyret fulgte framlegget til formannskapet og gjekk imot å stengja SFO om sommaren. 

Kommunestyret i Årdal gjekk inn for Arbeidarpartiet sitt framlegg om å halde SFO ope i veke 29 og 31 dersom det er minst fem søkarar.

I den opprinnelege tilrådinga frå rådmann var forslaget at SFO skulle stengast i vekene 29 til 31, altså i fire veker, men dette møtte motbør blant anna hjå FAU, som meinte at talet på skiftarbeidarar i kommunen, samt at enkelte måtte ta ut ferie i puljer, tilseier at dette var eit dårleg alternativ.

LES OGSÅ: Politikarane ønskjer ikkje å stengja SFO i fire veker

– Dersom SFO skal stengja i fire veker i strekk om sommaren, vil dette for enkelte medføre at mor og far ikkje kan ta ut ferie ilag på fleire år. I tillegg kjem einslege, som berre har tre veker med sommarferie i puljeferie å ta ut, heiter det i høyringa.

Færre brukarar

Dei siste åra har stadig færre benytta seg av tilbodet, og det er ein del kostnader for kommunen, som til dømes på reingjere bygningane. 

STØTTA FAU: Brandsdal og Arbeidarpartiet støtta FAU sine forslag til endringar. Arkiv
STØTTA FAU: Brandsdal og Arbeidarpartiet støtta FAU sine forslag til endringar. Arkiv

– FAU viste til at det er ein del skiftfolk og mange som jobbar turnus, og at å ha eit tilbod er heilt klart. Det er Ap heilt klare på også, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) i kommunestyremøtet.

Dei støttar seg på forslaga frå FAU om at SFO kunne avviklast ved ein av skulane eller i ein barnehage for å spara pengar og ha nok søkarar til å gi eit tilbod. 

Skeptisk til vedtaket

Dette fekk brei støtte, blant anna frå Aleksander Øren Heen og Senterpartiet. Han meinte det var fornuftig å ha eit tilbod i og med at ikkje alle har familie eller vener som kan passa ungar, men han understreka at det måtte vera fleksibilitet.

Men ikkje alle stilte seg bak. Då kommunestyret skulle stemma, var det sju som røysta imot. Dei ville heller ha tilbodet som Stein Idar Sem-Johansen (Ap) fremja.

– Eg er litt skeptisk til vedtaket de gjer. Det er kjempeflott at FAU-leiarane har sagt det dei har sagt, og slik eg tolkar det er dei opptekne av at ungane skal ha eit tilbod. Det vil dei ikkje få med dette vedtaket, innleia han og forklarte kvifor.

– Eg meiner at dei få foreldra som har eit behov, anten det er i jule- eller påskeferie, i veke 26, 27 eller 32 bør få eit tilbod. Difor er det uheldig berre å konsentrera seg om to veker om sommaren. På Farnes skule er det påmeldt tre ungar tysdag og onsdag, og to torsdag og fredag. Då er det stengt etter vedtaket.

Økonomisk spørsmål

I staden fremja han eit nytt framlegg som sa at ein skulle sløyfe dei to vekene og heller gi eit tilbod i skulefri periodar. Det fekk Heen til stille spørsmål rundt korleis Sem-Johansen ville dekke inn dette reint økonomisk.

– I vedtektsendringa står det at det skal stengast i jule- og påskeferie. Det er noko nytt, som kan ha konsekvensar. Eg trur ikkje dette er noko problem for slik eg kjenner påmeldingsfrekvensen, trur eg ikkje det er problem budsjettmessig.

– Og så håpar eg barnehagane kan bli flinkare til å samordna seg i skulefrie periodar. Dette er òg eit spørsmål om reinhald av kommunale bygg. Der kan me kanskje òg vera litt meir kostnadseffektive når det gjeld bruk av bygg, svarte han.

Framlegget hans fall.

Til toppen