ENDELEG MOBILVENLEG: No kan du ta med deg Porten.no overalt og enkelt få tilgang til nettavisa ved å følgja instruksjonane under. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ENDELEG MOBILVENLEG: No kan du ta med deg Porten.no overalt og enkelt få tilgang til nettavisa ved å følgja instruksjonane under. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Slik får du Porten.no på heimskjermen på mobilen din

Lei av å alltid måtta søka opp Porten.no på mobilen?

Dei fleste av oss har faste sider me besøker kvar dag via mobiltelefonen vår, og Porten.no skal sjølvsagt vera din viktigaste informasjonskanal og den nettavisa du sjekkar først.

Etter at Porten.no no er komen over på ny plattform er nettavisa blitt mobilvenleg. Det betyr at du enkelt kan lesa nyhende, sport og kultur, eller kva det måtte vera, utan å måtte zooma eller scrolla for å lesa teksten tydelegare.

Dersom du er mykje på mobilen eller nettbrettet, kan det vera praktisk å sleppa å starta opp nettlesaren og skriva URL-en til nettstaden eller velja det frå ei lista med bokmerke. 

Då er eitt trykk betre enn tre, og på Android, iPhone/iPad og Windows Phone kan du enkelt laga snarvegar på heim skjermen din. Slik gjer du det:

Android

  • Gå til Porten.no i nettlesaren din på mobilen.
  • Lag eit bokmerke.
  • Gå til bokmerkehandsaminga.
  • Trykk lenge på bokmerket du vil laga snarveg til på heimskjermen, til ein meny dukkar opp.
  • Vel Lag snarveg på skrivebordet.

iPhone/iPad

  • Gå til Porten.no i nettlesaren din på mobilen.
  • Nedst midt på skjermen er det ein boks med ei pil som peikar oppover. Klikk på den.
  • Vel Legg til på Hjem-skjerm.

Windows Phone

  • Opne Porten.no i nettlesaren din på mobilen.
  • Trykk på Mer-knappen, det vil seia knappen dei tre prikkane.
  • Trykk Fest til start
Til toppen