Slik får du Porten.no som «app» på mobilen

Slik får du Porten.no som «app» på mobilen

Med dette lure trikset får du tilgang til siste nytt frå lokalsamfunnet endå raskare.

Eitt trykk er betre enn tre, og dersom du ønskjer raskare tilgang til nyheiter frå lokalsamfunnet, bør du ha Porten.no som «app» eller snarveg på mobiltelefonen din.

Porten.no har vore mobilvenleg i over to år no, og det betyr at du enkelt kan lesa nyheiter, sport, kultur, sjå bilete, eller kva det måtte vere når det passar deg. 

Slik gjer du det:

Android

  • Gå til Porten.no i nettlesaren din på mobilen.
  • Lag eit bokmerke.
  • Gå til bokmerkehandsaminga.
  • Trykk lenge på bokmerket du vil laga snarveg til på heimskjermen, til ein meny dukkar opp.
  • Vel Lag snarveg på skrivebordet.

iPhone/iPad

  • Gå til Porten.no i nettlesaren din på mobilen.
  • Nedst midt på skjermen er det ein boks med ei pil som peikar oppover. Klikk på den.
  • Vel Legg til på Hjem-skjerm.

For iPad er symbolet det same, men her ligg det øvst på skjermen.

Windows Phone

  • Opne Porten.no i nettlesaren din på mobilen.
  • Trykk på Mer-knappen, det vil seia knappen dei tre prikkane.
  • Trykk Fest til start. 
Til toppen