JUBILEUM: For ganske nøyaktig 40 år sidan var bandet Lava skipa i Årdal. I dag, 40 år seinare, var dei igjen tilbake der det heile starta. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Slik feira dei jubileet: – Årdal og Lava høyrer liksom saman

For ganske nøyaktig 40 år sidan reiv Svein Dag Hauge opp døra i Lykkja, peikte på Per Hillestad og sa: «Eg og du skal spela saman». 

Årdal: 40 år seinare stod dei igjen på scena, Lava, denne gongen i Årdal kulturhus. Der beviste dei at bandet er som god vin – dei vert betre med åra.

– Det var veldig hyggeleg at me fekk koma hit. Takk til Hugin Musikkforum for det, og takk til eit superhyggeleg publikum. Lava og Årdal høyrer liksom saman, seier Svein Dag Hauge til Porten.no.

Han sit backstage saman med mannen han ein gong vart anbefalt å høyre då han først kom til Årdal på 70-talet og tenkte halvironisk at «han er sikkert dritbra». Mannen, ved namn Per Hillestad, har for få minutt sidan levert ein trommesolo som garantert frelste ein eller to i salen. 

Respekt er viktig

No, 40 år etter den halvironiske tanken, held dei framleis saman og kan feire nettopp 40 år som band.

Artikkelen held fram under biletet.

RESPEKT: Svein Dag Hauge meiner at ein viktig del av oppskrifta på at bandet har halde saman i 40 år er den gjensidige respekten dei har for kvarandre. 
RESPEKT: Svein Dag Hauge meiner at ein viktig del av oppskrifta på at bandet har halde saman i 40 år er den gjensidige respekten dei har for kvarandre. 

– Me respekterer kvarandre og seier i frå når noko er gale. Samstundes er dette ein gjeng som spelar fantastisk. Det er det sosiale som gjer at me har halde saman så lenge. Det har vore viktig og noko me har vore bevisste på heile tida, seier Hauge.

– Me spelar kanskje 1,5 time, og så sit me 22,5 timar på buss. Då er det fint at det er hyggelege menneske å sitja saman med. Me er litt stolte at me har greid å halde saman som band i 40 år. Ein ting er 40 år som artist.

«Ein til, ein til»

Kjell Hestetun, som var med som bassist i starten, men etter kvart gav seg, er også innom backstage. Han har ei ganske grei melding å kome med. 

– Dette er kanskje det beste eg har høyrt av Lava nokon gong.

For det er ikkje kvar dag at når band spelar i Årdal, så reiser publikum seg og skrik at dei vil ha ein til. Det skjedde torsdag kveld. 

Artikkelen held fram under biletet.

STAL SHOWET: Med ein trommesolo du knapt har høyrt makan til stal Per Hillestad nesten showet. 
STAL SHOWET: Med ein trommesolo du knapt har høyrt makan til stal Per Hillestad nesten showet. 

– Utvalet av låtar var ikkje spesielt plukka ut fordi me skulle til Årdal, men me prøver å ha eit spekter av både tidlege låtar og fram til no. Så må dei stemma bra saman, der folk lett kosar seg, seier Per Hillestad. 

Heidra Rolf Graf

Men det vart mange låtar av Rolf Graf, mannen som kom inn etter Hestetun, og som døydde i 2013. 

– Før Rolf døydde lovde me han at me skulle spela alle låtane han lagde så lenge me står på scena. Det løftet har me halde, sa vokalist Egil Eldøen undervegs i konserten. 

– Det er viktig for oss å heidre han som var ein så viktig del av Lava, supplerer Hauge.

Tar gjerne 40 år til

Med 40 år saman fortener også bandet sjølv heider og ære. 

– Korleis skal jubileet markerast?

– Ei øl? spør Hauge og ler.

– Tja, de reiser på Klingen og eg reiser heim, smiler Hillestad.

Artikkelen held fram under biletet.

40 ÅR TIL: Om det er opp til dei sjølve, tar Lava gjerne 40 år til på scena. 
40 ÅR TIL: Om det er opp til dei sjølve, tar Lava gjerne 40 år til på scena. 

– Blir det 40 år til?

– Ja, viss det let seg gjera. Det kan sjølvsagt bli interessant etter kvart, men er det opp til oss, står me gjerne på ei scene, svarar Hauge.

– Då er me så gamle at me kjem unna med alt uansett, legg Hillestad til.

Til toppen