MIDTSOMMAR: På Skjolden feira mange jonsok.
MIDTSOMMAR: På Skjolden feira mange jonsok. (Foto: Ole Martin Volle)

Slik feira sogningane Jonsok og midtsommar

23. juni feirar folk i heile landet Jonsok eller Sankthans med bålbrenning på stranda. Det gjorde sogningane òg.

Indre Sogn: Trass i at det for få veker sidan var totalforbod mot bål i dei fleste kommunar i Indre Sogn stod det flotte jonsokbål kringom i bygdene laurdagskveld likevel. 

Sjå galleri nederst i saka.

Jonsokbrudepar 

Sankthans eller jonsok som me gjerne kallar det her, er ei kyrkjeleg høgtid til minne om døyparen Johannes sin fødsel. Mange feirar dagen som ein sommarfest og markerar den med store bål. 

I Luster feira dei tradisjon tru Jonsok på Ekservollen med jonsokbryllup. Det vetle brudeparet var Oliver Heggestad (5) og Anna Orrestad (5). 

– Det var så fint å sjå begge to sitta i tralla med fine klede. Eit søtt lite par og to stolte mødre som gjekk bak, seier Kaja Elisabeth Kvamme Sætherbø, mamma til Oliver. 

Ho skryt av feiringa i Luster og legg ikkje skjul på at det var ein triveleg kveld for både store og små. 

– Det var mykje kjekke folk som møtte opp og dei yngste sprang att og fram. Me hadde i tillegg flott musikk frå Johan Heltne. 

Meiner båla er større i Amerika 

Ein som møtte opp til feiring litt lenger innover fjorden var Ole Martin Volle.

– Eg høyrde rykte om eit stort bål, men det var ikkje stort.

Han får støtte av nokre amerikanske jenter som òg har møtt opp på Skjolden. 

– Imponerande, men det er større bål i Amerika, seier dei og ler. 

Jonsokbålet blei avlyst

Sjølv om dei fleste brann bål denne kvelden var det ikkje alle som fekk gjennomføra jonsokfeiringa si slik dei ynskte. 

På Nokkaneset i Leikanger hadde ungdomar bygd bål på dugnad, men like etter klokka 19.00 sa brannvesenet nei til å tenne på det. Det skriv Sogn Avis.

På Facebook-sida si oppmoda i tillegg Sogn Brann og Redning folk til å vera forsiktige med bålbrenning.

– Med siste dagars vær og ikkje minst vind er det mange plassar igjen blitt svært så turt. Vinden lagar og sine eigne utfordringar med tanke på fare for brannspreiing. Mange plassar vil det ikkje vera tilrådeleg å fyre opp jonsokbål. Det er viktig at den eisnkilde er seg sitt ansvar bevisst, og gjer gode lokale vurderingar. Hugs, det er berre love å fyra opp om det «openbart ikkje kan føre til brann».

JONSOKBRUDEPAR: Anna og Oliver var jonsokbrudeparet i Luster. (Foto: Kaja Elisabeth Sætherbø Kvamme )
FINE: To stolte små som blir dratt på ei tralle av Kjetil Hovland. (Foto: Kaja Elisabeth Sætherbø Kvamme )
MIDTSOMMAR: På Skjolden feira mange jonsok. (Foto: Ole Martin Volle)
BÅL: Slik såg jonsokbålet i Seimsdalen ut. (Foto: Nils V.)
FØR: Kva er det som heng over bålet her tru? (Foto: Ellen Malene Alme)
SPANANDE: Bål er spanande både for liten og stor i Seimsdalen. (Foto: Ellen Malene Alme)
BRYLLUP: Jonsokbrudeparet i Seimsdalen, Ella og Adam. (Foto: Ellen Malene Alme)
ROLEG: Slik var jonsokfeiring oppankra ved Holmo i Nærøyfjorden. (Foto:  Odd Tufte )
SKUMRING: Slik såg bålet i Vikadalen ut. (Foto: Elsa Hope)
HEIMA: Nokre tende bål i omnen heima i stova. (Foto: Liv Jorunn Vestreim)
Til toppen