SYKKEL: Ein sykkelferie er både miljøvenleg og sporty, og du kjem tett på landskapet. Her frå Rallarvegen. Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix / NPK
SYKKEL: Ein sykkelferie er både miljøvenleg og sporty, og du kjem tett på landskapet. Her frå Rallarvegen. Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix / NPK

Slik ferierer dei miljømedvitne

 Korleis ferierer du om du vil få mest mogleg ut av ferien utan å skade miljøet? Vi spurte nokre av dei som burde vite det best.

Sist gong stortingsrepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne, Rasmus Hansson, hadde ferie, sat han stort sett på rumpa på hytta med ei bok om Stalin, med born og vener som kom og gjekk.

– Strålande ferie, kommenterer han.

For kor dreg du eigentlig – og korleis – om du er ein samvitsfull stakkar som vil få mest mogleg ut av ferien utan å skade miljøet?

Hansson sitt beste råd er meir knytt til reisemåte enn reisemål:

– Ver kvar som helst, men gjer noko anna og gjer det enkelt. Då kjem du nærare både deg sjølv, det du gjer og der du er. Og sjansen for å irritere seg over prisen og ting som ikkje funkar blir mindre, seier han.

Artikkelen held fram under biletet

SVERIGE: Kosterøyane i Bohuslän i Sverige er ein idyllisk feriedestinasjon du kan reise til utan å fly.
SVERIGE: Kosterøyane i Bohuslän i Sverige er ein idyllisk feriedestinasjon du kan reise til utan å fly.

Den neste ferien håpar han blir nokre dagar skitur i ein eller annan fjellheim. «Det store utlandet» ser han ikkje så mykje til.

– Som stortingspolitikar har eg få reiser utanlands. Privat er det endå færre, men i sommar tok vi mot til oss og reiste heilt til Arvika – i landet Sverige, avslører han.

Villmarkstur i nord

Leiaren for Framtida i våre hender, Arild Hermstad, likar at ikkje for mykje i ferien er planlagt på førehand.

– Eg vil helst ikkje ha med meir enn eg kan ha i ein ryggsekk, og anten reise med sykkel, tog eller båt. Om eg reiser langt vekk vil eg helst vere lenge vekke, seier han.

Sist sommar budde han ei veke i leigd hytte på Sydkoster, ei øy utanfor Strömstad i Sverige. Han var òg på sykkeltur i Danmark.

– Vi tok båten til København og sykla danmarksdelen av ei nydeleg sykkelrute til Berlin. Heilt fantastisk! 15-åringen vår var òg strålande nøgd.

Sist gong Hermstad flaug, var til Alta i fjor, ein tur han hadde planlagt i fire år.

– Eg var tre veker på villmarkstur med ein kamerat. Vi kom oss med bil frå Alta til Hetta, som ligg nord i Finland. Derfrå padla vi til Karasjok, og levde stort sett av det vi jakta og fiska på turen. Det var strålande! Ingen mygg, ein halv dag med regn, varmt om dagen, nordlys om natta, og ingen folk. Vi returnerte med fly frå Lakselv til Oslo, nokre kilo lettare og mange fantastiske opplevingar rikare, fortel han.

Artikkelen held fram under biletet

TOG: Med toget får du sett mykje av landskapet. Her frå Dovrefjell med Snøhetta i bakgrunnen.
TOG: Med toget får du sett mykje av landskapet. Her frå Dovrefjell med Snøhetta i bakgrunnen.

Han har alt planlagt to veker tur til Italia neste sommar. Reisen nedover skjer med tog, og kombinert med opphald i Amsterdam og Alpane på vegen.

Koster og sykkeltur

Leiaren av Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, trefte kanskje Hermstad på den lokale butikken på Kosterøyane, der Haltbrekken òg budde éi veke i sommar, rett nok på Nordkoster.

– Det meste av øya er naturreservat, og vi budde på friluftscampen der, fortel han.
I sommar var han på Bornholm òg.

– Ein flott togtur nedover vakkert svensk landskap, og så solskinn og rolege dagar på øya. Du kjem deg til dei fleste stader på Bornholm med sykkel.

Hans to nøkkeltips til ein god ferie er natur og kultur.

– Eit stad kvar vi kan oppleve flott natur og gjerne kultur som speler på naturen, seier han.

Segltur

Heller ikkje Nils Bøhmer, dagleg leiar i Bellona, trekkjer fram charterturar til Playa del Inglés som feriedraumen. Den siste ferien hans var tre veker om bord på ein seglbåt som siglde langs den svenske skjergarden, og ein svipptur over Kattegat til Danmark.

Artikkelen held fram under biletet

SEGLBÅT: Du slepp ut få miljøskadelege utslepp når vinden gjev fart.
SEGLBÅT: Du slepp ut få miljøskadelege utslepp når vinden gjev fart.

– Eg reiser ein del i jobben til stader litt utanfor allfarveg, som til dømes Murmansk, Tsjernobyl, Fukushima og Sellafield, så er ikkje behovet for å reise i fritida det aller største, seier han.

Likevel set han pris på sol og frisk luft, å komme bort frå kontoret og oppleve nye ting og å få tankane til å gå i nye baner.

– Sist ferietur med fly var til Thailand, så heilt utsleppsfrie er ikkje mine feriar. Men stort sett går dei føre seg om bord på ein nesten utsleppsfri seglbåt i skandinaviske farvatn, seier han.

 (©NPK)

Til toppen