ANNLEIS: Tordis Randmo fortalde friskt om korleis det var å førebu jula i Sogndal for over sytti år sidan. Foto: Ole Ramshus Sælthun
ANNLEIS: Tordis Randmo fortalde friskt om korleis det var å førebu jula i Sogndal for over sytti år sidan. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Slik førebudde dei til jula i Sogndal under krigen

– Om fire veker er det jul, og då har me ete ti-tolv julemiddagar. Og så skal me til med ribba, sa Tordis Randmo då ho fortalte om slakting av gris i Sogndalsfjøra og andre juleførebuingar i «gamle dagar»

Sogndal: – Dette var ei passeleg meinigheit, starta Randmo.

Under det lokalhistoriske laurdagsmøtet på Sogndal bibliotek no laurdag var ho hyra inn for å fortelja om korleis dei førebudde seg til jul i Sogndal i «gamle dagar», nærare bestemt under krigen.

Noko Randmo tykkjer slik passe om er at jula startar tidlegare og tidlegare

– No har me høyrt om jula gjennom reklame og slikt i fleire veker, så skal me høyra på dette gnålet i fire veker til.

Mange i Sogndalsfjøra hadde julegrisen på eit lite rom

For vel sytti år sidan var førjulstida temmeleg annleis. Damene stod for førebuingane:

– Då var det husmødrer, eg torer jo nesten ikkje å seia det i dag. Me hadde gått i skule for bli gode husmødrer, og eg hadde godt av det. Til eg var med på griseslakt - då spydde eg i ei snøfonn.

Husmødrene stod for den store julevasken, som tok fleire veker. Ei oppgåve som var meir mennene sitt domene, var griseslakting:

– Å slakta grisen var det største av alt. Sjølv her nede i Fjøra som ein ikkje hadde jordbruk var det mange som hadde eit lite rom til ein gris. Det som var eit lite leiketøy i mars var vorten ein svær gris då jula nærma seg.

Griseblæra vart fotball

To karar som heitte Jakob og Jo slakta grisane i Fjøra i løpet av førjulstida.

– Det skreik ein eller annan gris kvar einaste dag eg gjekk til skulen. Om dei skaut han eller slo han veit eg ikkje, men daua gjorde den i alle fall. Blodet måtte takast med ei gong og rørast, elles vart det ei gelemasse og ikkje brukande. Og det skulle jo bli blodpudding, blodpannekaker og blodpølse.

Dei brukte alle delene av grisen, lungene til lungemos, labbane til syltelabbar - og blæra.

– Den bles me opp og brukte som fotball.

Elles vart grisen mat. Og maten salta eller hermetiserte dei.

– Det var ein stor prosess i adventstida - men me hadde att for det mange gonger. 

Frysar fanst ikkje, men hermetisert og salta mat var enkelt å hanskast med når jobben først var gjort.

– Då var det berre å henta hermetisert og salta kjøt, så hadde me middag. No tek ein nokre bitar frå frysaren og blir ståande å steika og steika på det.

Artikkelen held fram under biletet

TILHØYRARAR: Drygt 20 personar hadde møtt fram på Sogndal bibliotek for å høyra Randmo fortelja om jule i «gamle dagar».
TILHØYRARAR: Drygt 20 personar hadde møtt fram på Sogndal bibliotek for å høyra Randmo fortelja om jule i «gamle dagar».

Bakte på «Lisabui»

Baksten var ikkje berre-berre. Rett nok hadde ein fått straum i Sogndal og mange skaffa seg komfyrar.

– Ein skulle tru det var enkelt då, men det var ikkje så lett med spenninga - den varierte veldig viss mange brukte straum samstundes. Og av og til var det rett og slett ikkje strum nok.

Men ein dag i veka fekk dei koma til bakaren og baka julekakene sine der. Bakarane fyrde opp omnane med bål så dei var glovarme tidleg på dag og kom ned på ein høveleg temperatur for julekakebaking utpå ettermiddagen. Randmo bakte på «Lisabui», som i dag er Sogndal Lodge. 

– Det var ein heilt eigen stemning i bakeria, heitt og godt. Då me var ferdige vart kakeboksane sett på eit mørkt rom, og der stod dei til julafta. Hjå meg er det framleis ikkje snakk om å eta noko julekaker før julafta, då blir ein ikkje lei kakene når jula faktisk kjem og helst har lyst til å hiva baksten til fuglane. Det er eg så gamaldags at eg held på. 

Fisk i oskegraut

Lutefisk var ein annan ting; her samla dei oske og kjøpte tørrfisk hjå ein fast forhandlar.

– Me laga ein oskegraut som vart eit konsentrat. Tørrfisken låg først i vatn nokre dagar, så i oskegrauten, og så vatna ein det ut att. Ein kunne også nytta lut etter klesvask stod det i ei kokebok.

Så det viktigaste for borna - julegåvene.

– No blir me brydde fordi me ikkje klarar å finna på noko til borneborna våre. Av og til blir gåva så mislukka at  dei ikkje vil ha det ei gong. Forventingane i dei dagar kan ikkje skildrast. Det var små julegåver, ikkje store ting. Eg fekk eit julehus ei gong, det hadde kosta 85 øre. Huset har eg framleis og tenner alltid på julafta, aldri før.

JULGÅVE: Dette huset fekk Tordi Randmo til jul i sine yngre dagar. Huset kosta 85 øre, og har fulgt henne sidan. Ho tenner aldri lyset før julafta.
JULGÅVE: Dette huset fekk Tordi Randmo til jul i sine yngre dagar. Huset kosta 85 øre, og har fulgt henne sidan. Ho tenner aldri lyset før julafta.

– Slit no ikkje ut denne jula på førehand

Om jula starta vesentleg seinare i dei dagar, vara den også vesentleg lengre:

– Eg hadde mitt julegjestebod 3.februar, då stod juletreet framleis. No hiv dei det ut andre juledag. Så har dei drive med jula lenge og. Eg har alltid juletreet til tjuande dag jul. Og har eg det lengre, sløkkjer eg lysa så folk ikkje skal sjå at eg har det.

Randmo streka likevel under at ho set pris på adventstida.

– Adventstid visste me ikkje om, og det er veldig kjekt, tykkjer eg. Så me skal gle oss over at det snart er jul, men slit no ikkje ut denne jula på førehand.

Til toppen