Slik går du det nye året i møte

Tre enkle trinn som hjelper deg på veg med nyttårsforsettane.

2017 er i gang, og du har kanskje allereie fleire idear om korleis du skal gjere det nye året til ditt beste så langt. Er planane dine å bli meir økonomisk? Ete sunnare og kome i betre form? Vere meir effektiv? Eller kanskje du vil oppleve meir?

Her får du tre enkle trinn som kan hjelpe deg på veg med nyttårsforsettane.

Vibeke Vigdal Øren bloggar om trening og helse for Porten.no.
Vibeke Vigdal Øren bloggar om trening og helse for Porten.no.

Heilmål

Fyrst kan det vere lurt å setje seg eit klart hovudmål – eit heilmål. Kva er det du ynskjer å oppnå i det nye året?

Eksempelvis kan du som ynskjer å kome i betre form setje seg nettopp dette som hovudmål, medan du som planlegger å oppleve meir set dette som heilmål. Skriv det ned på eit ark!

Delmål

For å forsikre deg om at du i løpet av 2017 oppnår heilmålet ditt, kan det vere lurt å setje opp delmål som du jobbar mot undervegs. Eksempelvis kan du setje deg eit delmål for januar, eit for februar, mars, april og så vidare.

Du som vil bli meir økonomisk kan eksempelvis skrive ned at du i løpet av januar skal benytte deg meir av tilboda i butikkane, og at du skal starte med å ha ein fast dag i veka der du handlar inn mat for resten av veka.

Ein kan heilt fint setje seg fleire delmål for kvar månad. Du som vil trene meir kan for eksempel skrive ned at du i januar skal 1) auke kvardagsaktiviteten din og 2) melde deg inn i eit treningssenter og starte opp med treninga. Set deg realistiske mål, men samstundes mål du må jobbe litt for å oppnå.

Planlegg

Kva skal til for at du skal oppnå delmåla dine kvar månad? Det anbefalast å skrive ned punktvis kva du skal gjere for å oppnå delmålet du har sett deg. Igjen tek me fram eksempelet med deg som skal kome i betre form, og eksempelvis har sett deg delmåla å auke kvardagsaktiviteten og melde deg inn i eit treningssenter i løpet av januar.

Kva skal til for at du klarar å auke din aktivitet i løpet av kvardagen? Forslag kan vere å la bilen stå og gå eller sykle til jobben (også eit meir økonomisk alternativ!), lage ein avtale med deg sjølv om at du for kvart 20. minutt du sit i ro skal ta deg ein liten tur for å hente eit glas vatn eller trekke litt på skuldrene, ta trappene framfor heisen og så vidare.

ei fleste mobilar er også utstyrt med stegteljarar per i dag: Klarar du å gå dei anbefalte 10-12 000 stega kvar dag? Du har meldt deg inn i eit treningssenter, og vidare kan du no tenkje over kva som skal til for at du kan starte opp med treninga.

Her finst det eit hav av framgangsmåtar, då me alle er ulike individ som har ulik motivasjon og som likar ulike former for trening. Den som ser på treningen som noko sosialt kan kanskje prøve deg på nokre gruppetimar og finne ut kva du likar, medan den som motiverast meir av framgang og individuelt tilpassa trening kan kontakte ein personleg trenar for å kome fram til ditt spesialtilpassa opplegg.

Det finst mange vegar til Rom – og det gjeld uansett kva mål du har sett deg for det nye året ☺​

Til toppen