LATTER: Reaksjonen til publikum i Lærdal viser at det er fullt mogleg å laga humor sjølv om temaet både er tørt og alvorleg.
LATTER: Reaksjonen til publikum i Lærdal viser at det er fullt mogleg å laga humor sjølv om temaet både er tørt og alvorleg. (Foto: Steinar Kvigne)

Slik gjekk det då NRK-kjendisen tok skrantesjuka til standupscena i Lærdal

Å laga humor på skrantesjuka kan verka umogleg, men det var oppgåva NRK-programleiar og komikar Siri Kristiansen fekk ei veke på løysa.

Lærdal: – Grunnen til at eg er her, er at villreinen ikkje er her, sa Kristiansen då ho entra entra scena på Lærdalsøren hotell fredag kveld for å presentera resultatet.

Med på slep var eit kamerateam frå NRK, som filma ein episode til serien Latterlig smart som skal gå på NRK1 seinare i år. Serien handlar om kva som skjer når du koplar ein forskar og ein komikar. I Lærdal har Siri Kristiansen vore fem dagar saman med Bjørnar Ytrehus frå Norsk institutt for naturforsking.

Oppgåva: Å laga humor om skrantesjuka. I salen sat fleire av dei som har vore mest kritiske til nedslaktinga. Litt skryt av bygda innleiingsvis bidrog til å løysa opp stemninga.

VRIEN OPPGÅVE: Komikar Siri Kristiansen fekk fem dagar i Nordfjella saman med ein forskar, før ho skulle omforma kunnskapen til eit standup-show.  Foto: Steinar Kvigne

– Lærdal er verkeleg ein fin og sjarmerande plass, den må vera skapt i eit samarbeid mellom Gud og Walt Disney, sa Kristiansen til stor applaus.

Krevjande øving

I forkant av innspelinga var ho skeptisk til å laga humor av ei så alvorleg og følsam sak som nedslakting av all villrein i Nordfjella.

– Eg lufta dette for NRK, følte meg litt som ein klovn sendt til ein region for å letta på stemninga. Eg grua meg veldig, håpa ei stund på at ting skulle skje så eg slapp unna, sa komikaren. 

Slik gikk det ikkje, og etter fem dagar i fjellet, pepra med info om skrantesjuka og villrein var ho klar for at ta dette til standupscena.

– Er skrantesjuke verkeleg så farleg, alle er vel litt småskrantne innimellom, men me blir no ikkje skotne av den grunn, sa komikaren.

Eit av fleire poeng som fekk latteren til å runga blant publikum.

– For meg var det viktig å framføra dette med brodd, men samstundes med respekt både for dei som mista reinen, og for dei som tok den vanskelege avgjerda om nedslakting, seier Kristiansen etter showet.

Ho var nøgd med responsen, og meinte publikum var bra med heile vegen.

FILMA TIL NRK-PROGRAM: Foto: Steinar Kvigne

Sterke inntrykk

Ein av dei komikaren har hatt samtalar med i løpet veka i Lærdal er Oddmund Einemo, ein av grunneigarane i område nedslaktinga av rein gjekk føre seg.

FEKK FRAM SMILET: Foto: Steinar Kvigne

– Mellom anna fortalde han om lyden og synet av levande villrein, som vart erstatta av helikopter og blodige kadaver. Det var rørande, seier Kristiansen.

Etter showet fredag er Einemo godt nøgd.

– Det var veldig bra, balansen mellom alvor og humor vart gjort på ein god måte, seier han.

Og legg til at det no er viktig å sjå framover,

– No fins det ikkje att rein i fjellet, alt er daudt. Men no må me sjå framover. I kveld var det godt å sleppa latteren laus, det greidde eg ikkje for eit par månader sidan, sa Einemo.

Til toppen