BRONSE: ÅTIL G13 hevda seg godt i sluttspelet og kunne reise heim med bronse. Foto: privat
BRONSE: ÅTIL G13 hevda seg godt i sluttspelet og kunne reise heim med bronse. Foto: privat

Slik gjekk det i sluttspelet 

Både Jotun, ÅTIL og Lærdal hadde med lag i krinsmeistarskapet i futsal, då sluttspelet skulle avgjerast. 

Årdal/Lærdal: I helga var det full rulle i Førdehuset då sluttspelet i krinsmeistarskapen i futsal vart avgjort.

Heile 109 lag fordelt på klassane 13 til 19 år var med og kjempa om KM-titlar. Både ÅTIL, Jotun og Lærdal hadde lag med i sluttspelet.

Laurdag spela 13-åringane og 15-åringane på gute- og jentesida, medan 14-åringane og 16-åringane spelte søndag. 

Slik gjekk det med laga frå Årdal og Lærdal

ÅTIL G13 kom på 3. plass i si pulje. Dei fekk ein siger, ein uavgjort og eit tap og stod då med 4 poeng.

I aldersgruppa G14 hadde Lærdal med eit lag. Desse kom på 2 plass i si pulje med 4 poeng. Lærdal fekk også ein siger, ein uavgjort og eit tap.

Jotun stilte med fem lag i krinsmeisterskapen. I aldersgruppa G15 kom dei raude og grøne på 3. plass med ein siger og to tap i si pulje.  

Jotun G16 kom på 2. plass i si pulje med to siger og to uavgjort. ÅTIL G16 kom også på 2. plass i si pulje. 

Artikkelen held fram under bilete. 

KM: Desse fekk med seg pokal heim.
KM: Desse fekk med seg pokal heim.

ÅTIL hadde også med eit J13 lag og dei kom sist i si pulje.

Jotun 2 J15 kom på 3. plass i si pulje.

I aldersgruppa J16 stilte Jotun med to lag i ulike puljer. Jotun 1 kom på 4. plass, medan Jotun 2 kom på 3. plass.

Full oversikt over resultata i alle puljene

Til toppen