Aurland: Etter at innleiarane under parkmøtet med tittelen "Berekraftig reisemål 2027?" i Flåm onsdag hadde halde sine føredrag, vart deltakarane på seminaret sett saman i grupper for å koma med moglege tiltak til utfordringane som hadde vorte kasta fram.
Les også: - Har knapt plass til fleire turistar i sommarmånadane
Framlegga var mange, og nokre av hovudmomenta gjekk på:
- Betre infrastruktur med mellom anna gode parkeringstilhøve, transportløysingar, toalettilbod og avfallshandtering.
- Fleire aktivitetar og tilbod til turistane. Kanskje ha fokus spesielt på slik som sentrumsnære turstiar og sykkelstiar så ikkje for mange reiser ut i sårbare områder.
- At ein skal tenkja "grønt" i alle ledd; alt frå investering i grøn teknologi til større fokus på lokal og gjerne økologisk mat til å leggja til rette for at kvar turist blir verande lengre.
- Større samarbeid i reiselivet i heile Sogn så ein kan utnytta dei ulike kommunane og områda sine særeigenheiter; kan til dømes Flåm verka som ei node turistane kjem til og blir spreidd vidare utifrå.
- God dialog med lokalbefolkinga og fokus på at dei lokale bebuarane ikkje blir "gløymde" til fordel for turistane; til dømes at også aurlendingar har badeplassar å nytta seg av
- At ein satsar på å så langt det let seg gjera skapa arbeidsplassar for lokale, og at arbeidarane som kjem frå andre stader "blir" lokale ved at dei blir buande - mellom anna ved å ha eit godt tilbod av trivelege og ulike typar bustader.