LUFTIG: Flåm Zipline har ein kapasitet på 40 personar i timen.
LUFTIG: Flåm Zipline har ein kapasitet på 40 personar i timen. (Foto: Flåm Zipline)

Slik har det gått med Flåm Zipline

Til trass for ein prislapp på omlag 10 millionar,  er dagleg leiar nøgd med besøkstala for ziplina i Flåmsdalen så langt.

Flåm: I august 2018 opna Pål Mikkel Dalsbotten og Atle Terum Nordens lengste zipline i Flåmsdalen, som hadde ein prislapp på om lag ti millionar. No har dei lagt bak seg ein og ein halv sesong.

– I 2019-sesongen hadde me litt over 7000 besøkjande, seier eigar og dagleg leiar, Pål Mikkel Dalsbotten.

– Med ein gong ein opnar noko slikt, vert det jo mykje merksemd rundt det, men så dabbar det naturlegvis litt av etter kvart.

Spent på åra framover

Sesongen grå frå 1. mai til midten av oktober, som vil seia at 2019 var deira fyrste fulle sesong.

Dalsbotten fortel at det for det meste var nordmenn som ville testa den 1,381 meter lange ziplina.

FLÅMSDALEN: Pål Mikkel Dalsbotten i Flåmsdalen, som Flåm Zipline går gjennom. Foto: Akriv

– Me er veldig nøgde med antal besøkjande, spesielt til å vera den fyrste fulle sesongen.

Det stod absolutt til forventningane, seier Dalsbotten. No er han spent på å sjå korleis besøkstala vil sjå ut i åra framover.

 – Om me greier å halde fram på det nivået me har heldt til no, veit me ikkje. Men akkurat korleis det blir, vil visa seg i åra framover, avsluttar Dalsbotten.

Til toppen