BASSIST I THE TEACHERS: Knut Bordal spelte den nye bassisten i The Teachers i den vesle kortfilmen som lærarane ved Årdal vidaregåande skule har laga til samband med skuleavslutninga. Foto: Årdal vgs.
BASSIST I THE TEACHERS: Knut Bordal spelte den nye bassisten i The Teachers i den vesle kortfilmen som lærarane ved Årdal vidaregåande skule har laga til samband med skuleavslutninga. Foto: Årdal vgs.

Slik har du neppe sett læraren din før

«Var det noen som hooka? Jeg pæsa ut, så jeg fikk ikke med meg noe som helst.»

Årdal: Kvart år plar lærarane ved Årdal vidaregåande skule å finne på noko spesielt til skuleavslutninga. I år tok dette heilt av.

I skrivande stund har «Klam», inspirert av det mykje omtala ungdomsserien «Skam», 24 000 visningar på Facebook. 

– Til skuleavslutninga prøver me å finna på noko, og då plar me ta tak i ting som er i tida. Eg hadde nettopp sett «Skam» etter alt styret som har vore i media, så eg tenkte me kunne gjera noko på det, seier Catrine Jevnaker, som har regi og står for filming og redigering.

Artikkelen held fram under biletet.

REGISSØR: Det er Catrine Jevnaker som har stått for alt som foregår bak kamera.
REGISSØR: Det er Catrine Jevnaker som har stått for alt som foregår bak kamera.

Blir stoppa på gata

I videoen ser ein fleire av lærarane i aksjon som skodespelarar. Inspirert av jentegjengen i «Skam» diskuterer dei kva som skjedde på festen i går og ikkje minst «han nye bassisten i The Teachers» – betre kjend som Knut Bordal.

– Eg har blitt stoppa på gata, ja, smiler han. 

– Dette er jo profesjonelt, så me lagde videoen ganske kjapt på ei takning. «One take man», legg han til. 

Byr på seg sjølve

Påfunna starta først i 2011 då lærarane hadde ein opptreden for elevane då songen «Gangnam style» vart spelt annankvar time på radio. Lærarane seier sjølv det berre er moro å kunne vise elevane ei anna side av seg sjølv.

Artikkelen held fram under biletet.

BYR PÅ SEG SJØLV: Lærarane tykkjer det berre er kjekt å vise ei anna side av seg sjølv til elevane.
BYR PÅ SEG SJØLV: Lærarane tykkjer det berre er kjekt å vise ei anna side av seg sjølv til elevane.

– Det er litt for å sprite opp avslutningane og by på oss sjølve. Det er nærast blitt slik at elevane forventar noko frå oss no, seier Jevnaker. 

Populær i sosiale medium

Tilbakemeldingane har så langt berre vore positive, og lærarane håpar også at dette er god reklame for skulen. Så langt har altså 24 000 sett videoen, som har fått over 550 likes og er delt over 100 gonger. 

– Dette er positivt for skulen å vise at me er heilt vanlege folk som er lærarar. Me får vist elevane ei litt anna side av oss sjølve, at me kan finna på litt tull, seier Bordal.

Og det skjedde jo det som måtte skje i historia. Marit Bukve frå Yoga-gjengen hooka med Knut i The Teachers. Det er heilt serr, men spørsmålet er kven han eigentleg vil vere kontaktlærar med. Svaret får du i videoen som du kan sjå under.

Til toppen