– Det er avgjerande at vi spelar på lag med kommunar, forskingsmiljø, friluftsråd, næringsliv og andre i dette arbeidet, seier Fylkesvaraordførar Natalia Golis.
– Det er avgjerande at vi spelar på lag med kommunar, forskingsmiljø, friluftsråd, næringsliv og andre i dette arbeidet, seier Fylkesvaraordførar Natalia Golis. (Foto: Arkiv)

Slik jobbar Vestland fylkeskommune for å redusere plastforbruket

Fylkeskommunen har vedteke ein ambisiøs strategi som består av seks hovudmål og elleve delmål. Det kjem fram i ein pressemelding.

Sogn: Vestland er den fyrste fylkeskommunen i landet som har vedteke ein slik plaststrategi. Det fyrste hovudmålet går rett å slett ut på å unngå plast på avvege. I pressemeldinga skriv fylkeskommunen at det ikkje er plast som er problemet, men plast i områder det ikkje skal vere plast. 

Eit av dei andre hovudmåla er å redusere plastforbruket i eiga verksemd med minst 40 prosent. Mellom anna vil det bli forbode med eingongsplast dersom det finnest andre alternativ.

Varaordførar: – Det er avgjerande at me spelar på lag

– Me har laga ein ambisiøs strategi, der me både vil hindra at plastavfall kjem på avvege, og ikkje minst redusere plastbruken i eigen organisasjon, seier fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis.

Dette er dei seks hovudmåla:

  • Unngå plast på avvege.
  • Bidra til eit reint og plastfritt hav og miljø.
  • Vera leiande og inkluderande i arbeidet mot marin forsøpling.
  • Leggje til rette for at interkommunale aktørar, organisasjonar, næringsliv og forsking er med på å løysa utfordringane med plast.
  • Redusere plastbruken i eigen verksemd med minst 40 prosent og mobilisere til redusert plastforbruk i samfunnet innan 2023.
  • Plaststrategien for Vestlandrådet er eit ledd i utvikling av ein heilskaplege klimaog miljøstrategi i samlege avdelingar og seksjonar i fylkeskommunane på Vestlandet.

Fylkesvaraordførar Natalia Golis fortel at det no vil bli stilt krav til alle underleverandørar. Spesielt meinar ho at det vert viktig å ha eit bevisst forhold til plast ved anbodsprosessar.

– Me har store investeringar i fylket, både når det gjeld bygg og veg, og då er det viktig å ha eit ekstra auge på plastbruken i prosjekta, seier Golis. 

I tillegg skal fylkeskommunen ha kampanjar som fokuseser på marin forsløpling i eigne kommunikasjonskanalar, inkludert alle 46 vidaregåande skular i Vestland.  

– Det er avgjerande at me spelar på lag med kommunar, forskingsmiljø, friluftsråd, næringsliv og andre i dette arbeidet, seier ho. 

Til toppen