FORSLAG: Senioringeniør Kjell Kvåle i Statens vegvesen la måndag fram løysingsforslag til hovudvegene mellom aust og vest. Der var det mellom anna teikna inn ny tunnel mellom Gudvangen og Flåm. Teikning: Statens vegvesen.
FORSLAG: Senioringeniør Kjell Kvåle i Statens vegvesen la måndag fram løysingsforslag til hovudvegene mellom aust og vest. Der var det mellom anna teikna inn ny tunnel mellom Gudvangen og Flåm. Teikning: Statens vegvesen.

– Slik kan vegen mellom Gol og Voss bli sjåande ut

Å erstatta Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen med ein ny tunnel mellom Gudvangen og Flåm er ein idé Vegvesenet leiker seg med.

Flåm: Senioringeniør i Statens vegvesen, Kjell Kvåle, la måndag fram eit løysingsforslag til korleis aust-vest-sambandet mellom Voss og Gol over Hemsedalsfjellet kan bli sjåande ut.

– Dette må vera ein veg utan for mange 60- og 40-soner, og me må unngå stigningane. Det fører til at ambisjonane løftar seg, og med det løftar også kostnadene seg, seier han. 

I desse dagar står kampen mellom forkjemparane for høvesvis riksveg 52 og riksveg 7. Innan 1. september i haust skal Vegvesenet ha klart ein såkalla KVU, eller konseptvalutgreiing for strekninga mellom Voss og Gol. Dette vil danne grunnlaget for kva som skal satsast på som hovudveg mellom aust og vest i tillegg til allereie valde E134 Haukeli.

Ein ting er iallfall sikkert; det blir kostbart. Sjølv om tala er svært grove, kan ein trygt slå fast at begge vegprosjekta vil koste over 20 milliardar kroner, der riksveg 52-alternativet er noko billegare.

Artikkelen held fram under biletet.

FORSLAG: Ei løysing kan bli å gå om Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen ved å lage ny tunnel mellom Gudvangen og Flåm. Teikning: Statens vegvesen.
FORSLAG: Ei løysing kan bli å gå om Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen ved å lage ny tunnel mellom Gudvangen og Flåm. Teikning: Statens vegvesen.

Ny tunnel

Sjølv om Kvåle var noko usikker på om det var lurt å leggje fram ideane til Vegvesenet allereie, gjorde han det likevel. I det løysingsforslaget låg det mellom anna inne ein heilt ny tunnel mellom Gudvangen og Flåm som ein del av oppgraderinga av vegen frå Voss.

– På denne måten vil ein unngå stigningar som er i Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen i dag, og ikkje minst tungtrafikken vil vere tent med dette med tanke på hendingane me har hatt i tunnelane i det siste. Det er berre flaks at det ikkje har gått med liv her, seier Kvåle.

Den nye tunnelen vil vere 14,6 kilometer lang og ha dobbelt løp, der det eine løpet vil fungere som rømningsveg for å stette dagens krav. 

Oppgradering på Ljøsne

Vidare vil Lærdalstunnelen og dei andre tunnelane i Lærdalen få den oppgraderinga som skal til. Også ei bru over Sognefjorden blei nemnt.

– I tillegg må den manglande biten på Ljøsne inn og oppgraderast. Dette er vel ein av få strekningar på E16 som ikkje har gul midtstripe.

Artikkelen held fram under biletet.

NY TUNNEL: Slik er det tenkt at vegen over, eller under Hemsedalsfjellet, skal gå. Teikning: Statens vegvesen.
NY TUNNEL: Slik er det tenkt at vegen over, eller under Hemsedalsfjellet, skal gå. Teikning: Statens vegvesen.

Vidare derfrå er det planlagt ein tunnel frå Borlaug til Bjøberg. For å unngå sentrum av Hemsedal tenkjer ein også å leggje vegen, delar av den i tunnel, på sørsida av sentrum og under skitrekket. Når ein kjem til Gol, er det fleire alternativ som vert nemnt, men å lage tunnel på nordsida av sentrum slik at ein kan køyre tvers gjennom, er ein idé.

Til toppen