KLAGE: Her kan du lese korleis du går fram om du ønskjer å klage på standpunktkarakteren. Foto: Arkiv. 
KLAGE: Her kan du lese korleis du går fram om du ønskjer å klage på standpunktkarakteren. Foto: Arkiv. 

Slik klagar du på standpunktkarakteren

Alle elevar kan klage på om skulen har følgt gjeldande føresegner for fastsetjing av standpunktkarakterar og på vedtak om å ikkje setje standpunktkarakter. 

Utdanning:  Elevar og foreldre skal motta informasjon frå skulen om klageprosedyren for standpunktkarakter.

Skulen skal gi informasjon om høvet for å klage, klagefristen og kva klagen skal innehalde, skriv Fylkesmannen på sine nettsider

– Det er også viktig å informere om Fylkesmannen si rolle i klagehandsaminga og kva som skjer når klagen vert send tilbake til skulen, mellom anna at me ikkje tek stilling til om eleven har fått «rett» karakter, skriv Fylkesmannen. 

Klagefrist 

Elevane har frist på 10 dagar for å sende inn ein klage, frå melding om vedtaket er komme fram til den som har klagerett, eller den som har klagerett burde ha gjort seg kjent med vedtaket.

Fristen blir avbroten når den som har klagerett ber om grunngiving for vedtaket, og ny frist gjeld frå grunngivinga er motteken.

Innanfor klagefristen kan eleven krevje grunngiving for karakterar i fag eller orden og åtferd, og krevje grunngiving dersom det ikkje blir fastsett standpunktkarakter.

Slik går du fram

Elevar under 15 år må ha skriftleg samtykke frå føresette for å klage. Klagen må vere skriftleg og underskrivast klagaren eller ein med fullmakt.

Klagen skal sendast til skulen, og skulen sender klagen til Fylkesmannen, med kopi til klagaren.

– Me ber skulane sende inn klager via elektronisk skjema. På denne måten vil me kunne spare tid til postgang og korte ned den samla saksbehandlingstida. Slik kan fleire eventuelle endringar telja med ved første opptak til vidaregåande skule, skriv Fylkesmannen. 

Til toppen