KJEM DÅRLEG UT: Både Årdal og Lærdal kjem dårleg ut på Kommunal Rapport sitt Kommunebarometer. Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, seier han ikkje er nøgd med plasseringa. Foto: Hydro Aluminium.
KJEM DÅRLEG UT: Både Årdal og Lærdal kjem dårleg ut på Kommunal Rapport sitt Kommunebarometer. Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, seier han ikkje er nøgd med plasseringa. Foto: Hydro Aluminium. (Foto: Hydro Aluminium Årdal)

Slik kom Årdal og Lærdal ut på Kommunebarometeret

Verken Årdal eller Lærdal gjer det godt på Kommunebarometeret.

Kommunebarometeret er ei måling sett saman av Kommunal Rapport. Barometeret er ei samanlikning av kommunane i Noreg basert på 123 nøkkeltal.

Målet er å gi slutningstakarar, spesielt folkevalde i kommunestyret, ei lettfatteleg og tilgjengeleg oversikt over korleis kommunen driv.

Kommunebarometeret for 2015 viser at verken Årdal eller Lærdal kjem særleg godt ut på barometeret. Medan Lærdal er den 53. dårlegaste kommunen, er Årdal å finne litt lenger oppe på lista. Av 428 kommunar i landet er Lærdal og Årdal henholdsvis rangert som nummer 375 og 358.

Ikkje nøgd med plasseringa

IKKJE NØGD: Lærdalsordførar Jan Geir Solheim er ikkje nøgd med plasseringa til kommunen. Arkiv
IKKJE NØGD: Lærdalsordførar Jan Geir Solheim er ikkje nøgd med plasseringa til kommunen. Arkiv

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, seier dei var førebudde på at dei kom til å koma dårleg ut, men han er likevel ikkje nøgd med plasseringa.

– Eg føler jo det at me ligg dårleg an i forhold til kommunane rundt oss her i fylket, og det er me ikkje nøgde med. Men me har hatt så mykje å jobba med det siste året at me ikkje har jobba for å tuna resultatet inn mot eit slik barometer. Ein del av grunnlaget som ligg til grunn blir litt feil, seier han.

Les også: Godt nøgd med tala for fjoråret

Alle kommunar er rangert ut frå kvart enkelt nøkkeltal eller kriterium, basert på kommunens eigen rapportering. Openberre feil eller mistenkelege verdiar er fjerna. 

– Det høyrest kanskje litt feigt ut å seia det, men me har ein del høgare tal som er rapportert i Kostra-system på grunn av brann og flaum. Dei pengane må gjennom rekneskapen vår og gitt dårleg rating. Det har me hatt før. Det er ikkje ei unnskyldning, men det er ei lita forklaring, legg ordføraren i Lærdal til.

– Ting er meir på stell

Lærdal har hatt mykje å stri med det siste halvanna året etter at dei først vart råka av ein storbrann før store vassmengder skulle bli øydeleggjande hausten 2014. I likskap med Årdal har dei også vore ein Robek-kommune, men i februar vart Lærdal meldt ut.

Les også: Lærdal er ute av Robek-registeret

– Me føler jo at det er først no me har fått tid til å byrja å tenkja på det kommunen skal driva med til vanleg. Det er det lenge sidan sist me fekk gjera. Ting er meir på stell no enn på lenge. Det ser me på resultatet me har oppnådd no på grunn av drifta, seier Solheim.

Plasseringane til dei to kommunane er justert etter korrigert inntekt, det vil seia kva kommunen har av disponible inntekter når han har gitt eit standard tenestetilbod. Årsaka til at dette vert lagt vekt på er fordi det ikkje berre viser kva kommunar som har best nøkkeltal, men kor gode dei er i forhold til rammevilkåra – for å seia noko om kommunen yter maksimalt.

Tek ein vekk dette kriteriumet, klatrar Lærdal og Årdal opp på ein henholdsvis 190. og 231. plass.

Kan bli endå meir effektive

Det som er typisk er at kraftkommunar lider særleg av at ein korrigerer for disponible inntekter. 

– Eg håpar me kjem høgare neste gong. Eg veit ikkje kor mykje folketalsutvikling tel, men den håpar eg skal bli mykje betre. Og så ser eg at innan pleie og omsorg og fordi me er organisert med ein aldersheim, har me mykje å gå på der med annleis organisering. Der jobba me med å byggja om til ein sjukeheim med omsorgsbustadar, seier Solheim.

– Innanfor oppvekstområdet har me også gjort grep som nok får utslag for ein slik rapport. Det er verdt å merka seg at kommunar med store inntekter frå kraft kjem litt dårlegare ut. Dei som har mindre er nøydd til å nøya seg med mindre og ha ei meir effektiv drift, og det viser at me kan bli meir effektive.

Til toppen