ÅTTE SIDER: Tyske Outdoor Magazine spanderte åtte sider på turmoglegheiter i Årdal i siste nummer. Foto: Torunn T. Laberg
ÅTTE SIDER: Tyske Outdoor Magazine spanderte åtte sider på turmoglegheiter i Årdal i siste nummer. Foto: Torunn T. Laberg

Slik lokkar dei turistane til Sogn

Teknologi har teke over for dei tradisjonelle turistkontora. Reiselivsnæringa satsar i staden på sosiale og redaksjonelle medier. Store reportasjar frå Årdal for det tyske publikummet er noko av resultatet. 

Årdal: – Desse reportasjane er resultat av ei bevisst satsing frå vår side. Visit Sognefjord og Fjord Norge AS jobbar tett med reiselivsaktørane i kommunane for å få til slike rundar med utanlandske reiselivsmedier, fortel Ståle Brandshaug, dagleg leiar i Visit Sognefjord.

"Paradies. Rund um Øvre Årdal entdecken Wanderer fruchtbare Täler mit alten Gehöften". Slik startar den åtte sider lange reportasjen om turmoglegheiter i og rundt Årdal i Outdoor Magazine. På godt norsk: "Paradis. Rundt Årdal kan turgåarar oppdaga frodige dalar med gamle gårdar".

– Porten mellom fjorden og nasjonalparken

Magasinet kjem ut i Tyskland, Austerrike og Sveits. Brandshaug fortel dei når ut til mange potensielle turistar på denne måten.

– Det er eit stort magasin. Kanskje litt på linje med Fri Flyt i Noreg. Me fekk dei hit, tok godt vare på dei og det gav resultat. Slik har me jobba i mange år etter kvart.

Særskild trekkjer Brandshaug fram Bulder og Brak, Utladalen Camping, Klingenberg hotel og Årdal Utvikling som viktige samarbeidspartnarar i Årdal når dei legg opp reportasjeturane. Nøkkjelen for Årdal spesifikt er å leggja vekt på lenkja Sognefjorden-Jotunheimen.

– Årdal er porten mellom fjorden og nasjonalparken med ville Hurrungane kloss inntil, to ting turistane vil ha. Me jobbar naturlegvis for å få turistar til alle dei ni kommunane i Sogn, men det er litt ekstra artig med Årdal no, for me har ikkje hatt veldig mange slike opplegg her tidlegare.

Tysk TV sende par på oppdagingsferd i bubil

Det er ikkje berre vakre stillbilete og sjenerøse ord på trykk som lokkar tysktalande turistar til denne porten mellom fjord og nasjonalpark. Den tyske TV-kanalen N-TV har, tysk turisttradisjon tru, sendt eit tysk par på oppdagingsferd i bubil gjennom vestlandet og laga reportasje av turen.

Artikkelen held fram under biletet

OPPDAGINGSFERD: Tyske N-TV sende dette paret på tur med bubil frå Bergen til Sogn, der dei var innom Flåm og padla kajakk for så å vitja Årdal med Vettisfossen som klimakset for turen. Skjermdump frå N-TV
OPPDAGINGSFERD: Tyske N-TV sende dette paret på tur med bubil frå Bergen til Sogn, der dei var innom Flåm og padla kajakk for så å vitja Årdal med Vettisfossen som klimakset for turen. Skjermdump frå N-TV

Dei startar med Bergen der hovudfokuset ligg på kultur, held fram gjennom ekstremsportbygda Voss, køyrer så til Flåm og padlar på Nærøyfjorden før dei endar opp i Årdal og går på tur til Vettismorki saman med vert på Utladalen camping, Kristoffer Nystedt.

Han tykkjer det er artig å få besøk av reiselivsjournalistar:

– Dei blir veldig begeistra og verkar til å trivast godt. Det er alltid triveleg å kunne ta med folk ut i naturen og visa kva me har rundt oss. Gjennom slike navigerte turar har me også fått vist fram Utladalen og omegn på ein flott måte.

– Gir det resultat i form av fleire turistar?

– Ja, det trur eg absolutt. Det er det som gjeld - å få vist naturen rundt oss og overnattingsmoglegheitene som finst i tilknyting. Det gir ganske sikkert avkastning på sikt.

Artikkelen held fram under biletet

NØGDE: Kristoffer Nystedt ved Utladalen Camping fortel om nøgde reportasjeteam på vitjing i sommar. Arkiv
NØGDE: Kristoffer Nystedt ved Utladalen Camping fortel om nøgde reportasjeteam på vitjing i sommar. Arkiv

– Verd titals millionar

I TV-reportasjen er nettopp "grandios natur" eit uttrykk det tyske paret nyttar flittig på reisa si. Brandshaug i Visit Sognefjord meiner at samarbeid er nøkkjelen til suksess:

– Me er ein del av ein stor organisasjon, Visit Norway, og samarbeider altså med Fjord Norge. Såleis dekkjer me eit område med mange turistdestinasjonar som kan kombinerast. Dette gjer nok at me får tyngre reiselivsmedia til å koma, forklarar Brandshaug.

Og reportasjane er gull verdt, meiner han:

– Slike oppslag i media som blir rekna som nøytrale og vidare spreiing i sosiale media er det beste me kan få til. Innanfor Sogn har me gjerne femti-seksti slike turar i året. Ikkje alle resulterer i oppslag, men dei fleste. Innovasjon Norge har gjort berekningar på kor mykje redaksjonell omtale er verdt i høve til kjøp av annonsar. Verdien av alle reportasjane me får ut av turane i Sogn er nok verdt fleire titals millionar.

Artikkelen held fram under biletet

RESULTAT: Dagleg leiar i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug, meiner samarbeidet mellom dei store reiselivsorganisasjonane og lokale reiselivsaktørar gjer at dei sler gjennom med tyngre marknadsføring på den internasjonale reiselivsmarknaden. Arkivfoto  
RESULTAT: Dagleg leiar i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug, meiner samarbeidet mellom dei store reiselivsorganisasjonane og lokale reiselivsaktørar gjer at dei sler gjennom med tyngre marknadsføring på den internasjonale reiselivsmarknaden. Arkivfoto  

Kva med lokal turistinfo?

Men kva når turistane kjem til ei bygd i Sogn og lurer på noko? Stadig fleire av dei tradisjonelle turistkontora forsvinn. I Årdal er turistkontoret erstatta med brosjyrer som står i hyller på Utla Kafé i Øvre Årdal og på Klingenberg hotel på Tangen. Brandshaug forklarar utviklinga slik:  

– Dei besøkjande finn meir og meir av informasjonen dei treng digitalt. Nettsider og appar, som vår eigen Visit Sognefjord-app gir mykje informasjon og er viktig. Men dei skal så klart få informasjon lokalt i tillegg. Turistkontoret me hadde i Årdal var ope i eit avgrensa tidsrom dagleg og kosta ein del å drifta. Difor har me lagt den lokale informasjonen til Utla Kafé og Klingenberg hotel.

– Men det er vel eigentleg berre hyller med brosjyrer? Erstattar desse turistkontora godt nok?

– Dei som jobbar på Utla Kafé og Klingenberg er opplærde til å gi slik turistinformasjon. Dessutan får me då to punkt med informasjon i staden for ein, som me hadde før. Og opningstida er lengre. Det kan sikkert diskuterast, men me meiner ei slik satsing er rett. Me har ikkje fått klagar på dårleg eller lite turistinfo, og det me sparar av pengar på denne løysinga kontra reine turistkontor brukar me nettopp i promoteringsarbeidet.

Vidare fortel han at dei har fleire ting på gang i Årdal når det kjem til marknadsføring av reiselivet. Mellom anna var filmselskapet Falkeblikk i Utladalen og gjorde opptak for ei vekes tid sidan

– Dette er eit samarbeid med aktørane i Årdal, og vil resultera i ein promoteringsfilm me og dei vil nytta utover hausten og vinteren. Den skal vera klar i løpet av få veker. 

Til toppen