TRADISJONAR: Tradisjonen tru vart det laga til barnebryllup i Haugane barnehage då dei markerte sankthans. Her er Juno og Jonas. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TRADISJONAR: Tradisjonen tru vart det laga til barnebryllup i Haugane barnehage då dei markerte sankthans. Her er Juno og Jonas. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Slik markerer dei sankthans i Haugane barnehage

– Det er viktig å markere tradisjonar i barnehagen.

Tysdag vert sankthans markert landet rundt, og i Haugane barnehage i Øvre Årdal gjer dei ingen unntak. Og tradisjonen tru var det pynta til barnebryllup. 

– Me tenker at me skal markera tradisjonar i barnehagane, og dette er ein gamal tradisjon dette med brudepar. Tradisjonar binder liva våre saman, og dette tenker eg at vil vera noko ungane hugsar og har minner om, seier bestyrar i Haugane barnehage Kirsti Eklund.

Sjølv er ho ikkje vant med denne tradisjonen frå Austlandet. Det viser seg at barnebryllup er ein typisk tradisjon for Vestlandet. 

Fullt program

I Haugane barnehage var programmet fullspekka for dagen. Då Porten.no helste på, var dei på Årdal bu- og omsorgssenter for synge for bebuarane der, samt vise fram dei flotte brudepara, Jonas og Juno, og Oliver og Aurora.

Artikkelen held fram under biletet.

TO BRUDEPAR: Det var ikkje berre eitt, men to brudepar. I tillegg til Juno og Jonas (fremst) var også Oliver og Aurora med.
TO BRUDEPAR: Det var ikkje berre eitt, men to brudepar. I tillegg til Juno og Jonas (fremst) var også Oliver og Aurora med.

Etter som sankthans historisk sett handlar like mykje om at sola snur, song dei sjølvsagt om sola, som til dømes «Sol, sol, kom igjen». Heldigvis var sola allereie på plass, og ifølgje varsla ligg den an til ei svært varm og flott feiring i Indre Sogn.

– Me skal også ha ein seanse med ei som spelar heks og lesa ei forteljing om den gamle tradisjonen. Og så blir det pølser, lomper og is, og sikkert nokre leiker også, seier Eklund.

Artikkelen held fram under biletet.

BRUDEFØLGJE: Det var eit langt brudefølgje som fulgte med då Haugane barnehage besøkte ÅBO og song for bebuarane. Det må nesten seiast at til og med sjølvaste Lionel Messi deltok i bryllupet.
BRUDEFØLGJE: Det var eit langt brudefølgje som fulgte med då Haugane barnehage besøkte ÅBO og song for bebuarane. Det må nesten seiast at til og med sjølvaste Lionel Messi deltok i bryllupet.

Sandvolleyballbane

Det blir det definitivt i kveld. For både i Årdal og Lærdal er det lagt opp til feiring.

I Øvre Årdal har Kristoffer Nystedt planane klare på Utladalen Camping frå 17.00 og utover. Der kjem blant anna turngruppa til Jotun for å syna kva dei kan, og det er mogleg for andre å prøva apparata etterpå. 

Dessutan har han laga til ei sandvolleyballbane der som er klar til bruk. Det blir også servert grillmat.

Tenning av bål

I Seimsdalen på Årdalstangen er programmet også spekka frå 17.00. Der blir det opptog med korps og brudepar, allsong og tenning av bål med heks. Også her er det grillmat å få dersom ein har med seg. 

I Lærdal inviterer Lærdal ungdomslag til jonsokfeiring ved Frilund ungdomshus og Løyntnansbrygga. Klokka 18.00 blir det grilling her, og klokka 21.00 tenner dei bålet dersom vêret tillet det, skriv ungdomslaget på si Facebook-side.

I Borgund feira dei sankthans allereie på laurdag med opning av den nye ballbinga. Bu i Borgund har mange flotte bilete frå feiringa på si Facebook-side.

Til toppen