DRAMATISK AKSJON: Store ressursar vart sett inn etter at ein mann i tjueåra rundt halv åtte i går kveld vart meld sakna etter ein skitur i Sogndalsdalen. Foto: Sondre Dalaker/NRK
DRAMATISK AKSJON: Store ressursar vart sett inn etter at ein mann i tjueåra rundt halv åtte i går kveld vart meld sakna etter ein skitur i Sogndalsdalen. Foto: Sondre Dalaker/NRK

Slik opplevde skredgruppa den dramatiske aksjonen

– Vi håpar for alt det er verdt at han klarer seg, seier fagleiaren for skredgruppa i Sogn. I går kveld berga dei ein sakna skiløpar ut av eit snøskred etter ein omfattande redningsaksjon. 

Sogndal:  Etter skredulukka vart den 29 år gamle skiløparen frakta i helikopter til sjukehus, først til Førde, seinare til Haukeland, med alvorlege skader. Morgonen etter var skadane oppjustert til å vere kritiske. Tidleg onsdag omtalar sjukehuset igjen tilstanden som alvorleg.

LEIA STYRKANE: – Eg er imponert over den gjengen som stiller opp. Dei står på og gjer ein innsats i eit såpass farleg område, seier Per Odd Grevsnes, fagleiar for skredgruppa i Sogn, etter gårsdagens redningsaksjon.
LEIA STYRKANE: – Eg er imponert over den gjengen som stiller opp. Dei står på og gjer ein innsats i eit såpass farleg område, seier Per Odd Grevsnes, fagleiar for skredgruppa i Sogn, etter gårsdagens redningsaksjon.

Klokka 19.22 måndag kveld fekk politiet melding frå pårørande om at ein mann i 20-åra ikkje var komen heim frå ein skitur i Sogndalsdalen. Utifrå opplysingane gjekk politiet ut frå at den sakna hadde lagt turen til Frudalsfjellet inst i dalen. Mest truleg åleine.

Siste haldepunkt var at skiløparen truleg hadde blitt observert på veg oppover i fjellet klokka halv to.

Klokka 19.32 vart Røde Kors varsla av kompisar til den sakna.

– Då trykte vi på den interne knappen vår og sette i gang ein aksjon. Vi vart einige om å møte opp på parkeringa i Frudalen, seier Per Odd Grevsnes, fagleiar for den berre to år gamel skredgruppa i Luster og Sogn.

Totalt tjue personar frå Røde Kors rykka ut, i tillegg til politiet og eit Sea King-helikopter. Norske Redningshundar vart òg varsla.

Les også: Sakna skiløpar funnen i snøskred​

POPULÆRT OMRÅDE: Frudalshesten er eitt av dei mest populære toppturmåla i Sogndal. Truleg var det hit 29-åringen hadde tenkt seg.
POPULÆRT OMRÅDE: Frudalshesten er eitt av dei mest populære toppturmåla i Sogndal. Truleg var det hit 29-åringen hadde tenkt seg.

Ein kamp mot klokka

På veg opp til møtepunktet vart skredgruppa kontakta av politiet. Samstundes heldt dei sjølve fram med å ringe rundt.

– Vi prøver alltid å finne ut mest mogleg på veg inn i området. Det var litt ulike typar tilbakemeldingar, men vi visste nok til at vi vart sett i alarmberedskap, seier Grevsnes.

Les også: Røde Kors styrkar vinterberedskapen i Sogn med kursing i fjellet

Det var allereie blitt heilt mørkt. På parkeringsplassen ved munningen av Frudalstunnelen vart mannskapet delt opp i grupper på to og fire personar. Rundt klokka åtte fekk dei lov av politiet til å gå inn og starte leitinga.

Søkeområdet vart først avgrensa mot både Skjeringane og Frudalshesten, det siste ein svært populær topptur. Fem snøskuterar vart nytta for å frakte mannskapa inn til dei bratte områda, noko som kan vise seg å bli avgjerande.

TIDA AVGJER: Kvart sekund tel når alarmen går. Skredgruppa i Sogn har fleire samlingar kvart år der dei terpar rutinane. Her frå ei øving i Luster i fjor.
TIDA AVGJER: Kvart sekund tel når alarmen går. Skredgruppa i Sogn har fleire samlingar kvart år der dei terpar rutinane. Her frå ei øving i Luster i fjor.

Når folk blir tatt av skred er nemleg tida den viktigaste faktoren.

Dyster statistikk

Forsking frå Italia viser at sjansane for eit lukkeleg utfall fell svært raskt. Ein studie av 422 heilt nedgravde skigåarar viste at du har nittito prosent sjanse for å overleve om du blir funnen før kvarteret har gått, men berre tretti prosent sjanse etter trettifem minutt.

Etter to timar er sjansane for å overleve lik null. Då har du anten døydd av luftmangel, skadane du pådrog deg, eller av nedkjøling. Leitemannskapa visste at sjansane var små for at aksjonen skulle ende godt, dersom den sakna faktisk var tatt av snømassane.

– Så lenge folk er sakna og det framleis er håp, så skal vi gjere alt for å finne dei, seier Grevsnes.

Som fagleiar for skredgruppa hadde han òg eit anna omsyn å tenkje på. Det er nemleg hans oppgåve å sørge for at redningsmannskapa jobbar trygt. Hovudprioriteten er å unngå å bli teken i skred sjølv.

Måtte heile tida vurdere tryggleiken

I fleire dagar hadde det vore meld om skredfare i området og terrenget dei skulle inn i er komplisert. I løpet av dagen hadde det blitt rapportert inn fleire små flakskred, noko mannskapa òg såg teikn til sjølve. 

– Vi måtte gjere vurderingar heile tida. Det som gav meg tryggleik var at vi hadde med oss dei dyktigaste folka i regionen på skredvurdering. Dei er i tillegg lokalkjende og har gått i området mange gongar, kjenner historikken på snøen og problema som kan oppstå, seier Grevsnes.

Les også: Mannen som vart tatt av snøskred er alvorleg skadd

Inne i Frudalen hadde leitemannskapa funne diverse utstyr i snøen og starta å navigere søket etter det.  

To timar og atten minutt etter at alarmen gjekk, klokka 21.40, fekk politiet melding om at skiløparen var funnen i eit skred i området Storesteinen. Vedkomande var medviten og fekk førstehjelp på staden. Politiet vil førebels ikkje ut med detaljar om sjølve funnet, som til dømes kor djupt vedkomande låg nedgravd.

Omlag 22.25 vart pasienten frakta vekk med eit Sea King-helikopter, først til Førde sentralsjukehus, deretter vidare til Haukeland, med alvorlege skader. Neste dag melder sjukehuset at tilstanden er kritisk.

ALVORLEG SKADD: Den berga skiløparen vart til i går lagt inn på Haukeland universitetssjukehus med alvorlege skader. Neste dag vart tilstanden oppjustert til kritisk. 
ALVORLEG SKADD: Den berga skiløparen vart til i går lagt inn på Haukeland universitetssjukehus med alvorlege skader. Neste dag vart tilstanden oppjustert til kritisk. 

– Håpar for alt det er verdt at han klarer seg

Fagleiaren for skredgruppa i Sogn veit kor dårlege odds dei jobba mot.

– Utifrå statistikken var sjansane små. Men du kan aldri gje opp. Så lenge situasjonen ikkje er avklara må du jobbe raskt og effektivt. For det viser seg at du kan bli belønna for det, seier Grevsnes.

Han takkar mannskapet for innsatsen og utstyret for at aksjonen i det heile var mogleg. Med seg hadde skredgruppa mellom anna ei båre som kan bli løfta av helikopter, skredsøkarar og sekkar med ustyr til å halde pasientar varme. Skredgruppa vart oppretta så seint som i 2015, nettopp for å kunne reagere kjapt ved slike hendingar.

– Vi har etter kvart fått mykje bra utstyr og alt dette vart brukt i går, seier Grevsnes.

– Det er alltid kjekt når vi klarer å finne personen og berge dei ut levande. No håpar vi for alt det er verdt at han klarer seg, seier han.

Til toppen