ØKOMOMIPOET: Økonomisjef Reidar Johnsen er ikkje framand for å leike med rim når han skal oppsummere økonomien i kommunen. Foto: Margunn Tolleshaug/Aurland kommune.
ØKOMOMIPOET: Økonomisjef Reidar Johnsen er ikkje framand for å leike med rim når han skal oppsummere økonomien i kommunen. Foto: Margunn Tolleshaug/Aurland kommune.

Slik oppsummerer økonomisjefen budsjettet – på rim

Kven sa at politiske dokument må vere kjedelege?

Aurland: For oss som har den tvilsame gleda av å lese offentlege dokument til dagleg, er det ikkje akkurat dei litterære kvalitetane vi oftast bit oss merke.

Eit heiderleg unnatak er økonomisjefen i Aurland, som tyr til diktforma når han skal oppsummere årets budsjett.

Slik skildrar han den økonomiske stoda i kommunen, etter eit år der reduserte kraftinntekter har skapt hovudbry for nokon og ein kvar

Reduksjon i eigedomsskatt
 gjorde oss alle litt matt. 
Mange millionar me difor må spare.
Det må me vere i stand til å klare!»

– Eg gjer det fordi eg har følt at det ikkje blir lese. Viss eg klarer å få det inn på eit kort rim, så blir det enklare for både politikarar og andre å skjøne hovudpoenget, seier Reidar Johnsen, som er økonomisjef i Aurland.

Dette er tredje året han tyr til rim i forklaringa til budsjettet. Målet er at fleire skal få lyst til å lese det, noko han delvis meiner han har oppnådd.

– Det er nokon som har merka seg det. Men det er ikkje slik at folk stoppar meg på gata, akkurat, seier han humrande.

Til toppen