HEFTIG OPPGRADERING: Tunnelane i Aurland er i ferd med å bli oppgraderte, noko som fører til hyppige steningar. Foto: arkiv/Silje Drevdal, Statens vegvesen, Region vest.
HEFTIG OPPGRADERING: Tunnelane i Aurland er i ferd med å bli oppgraderte, noko som fører til hyppige steningar. Foto: arkiv/Silje Drevdal, Statens vegvesen, Region vest.

Slik påverkar fridagane i mai tunnelstengingane

Sjå når tunnelane i Aurland er opne.

Aurland: I ei pressemelding opplyser Statens vegvesen at det blir nokre endringar i arbeidstidene for tunneloppgraderinga i Aurland kommune i samband med fridagane i mai.

Les også: Jobbar om natta for å få tunnelane ferdige

For publikum betyr det i praksis at det blir mindre stengingar dei to aktuelle dagane. Under kan du sjå når.

Gudvangatunnelen:

  • 17. mai: Arbeidet blir avslutta 16. mai klokka 06.00 og startar opp att 17. mai klokka 20.00.
  • Kristi himmelfartsdag: Arbeidet blir avslutta 24. mai klokka 06.00 og startar opp att 25. mai klokka 20.00.

Fretheim-/Onstadtunnelen:

  • 17. mai: Arbeidet blir avslutta 16. mai klokka 06.00 og startar opp att 18. mai klokka 20.00.
  • Kristi himmelfartsdag: Arbeidet blir avslutta 24. mai klokka 06.00 og startar opp att 25. mai klokka 20.00.
Til toppen