FLO: På laurdag var det springflo i Lærdal. Sjølve Lærdalselvi var normal. Foto: Jan Christian Jerving
FLO: På laurdag var det springflo i Lærdal. Sjølve Lærdalselvi var normal. Foto: Jan Christian Jerving (Foto: Jan Christian Jerving)

Slik såg det ut i Lærdal på laurdag

Vêrmeldingane traff riktig i helga, og i både Lærdal og Årdal hølja det ned heile laurdagen. 

I Lærdal var springfloa på sitt høgaste klokka 12.20 på laurdag, og køyreforholda var utfordrande heile dagen. 

Artikkelen held fram under biletet.

HØG VASSTAND: Det var meldt høg vasstand i helga. Her er Løyntnantsbrygga laurdag.
HØG VASSTAND: Det var meldt høg vasstand i helga. Her er Løyntnantsbrygga laurdag.

Strekninga mellom Årdal og Lærdal var prega av store dammar med stor fare for vassplaning, og Porten.no fekk sjølv erfara at vêrgudane hadde det travelt denne laurdags føremiddagen. Etter Borgundstunnelen låg snøen i vegbana, det snødde tett og behovet for brøyting meldte seg på kort tid.

Høg vasstand

Som Porten.no skreiv på fredag, meldte NVE mykje nedbør i helga og svært vanskelege køyreforhold i fjella. Dette fekk dei rett i, men prognosane om snøgrensa vart lågare enn forventa. 

Artikkelen held fram under biletet.

SNØDREV: Det var dårleg sikt over Filefjell laurdag.
SNØDREV: Det var dårleg sikt over Filefjell laurdag.

Den massive nedbørsmengda fekk sitt å seie for Lærdal denne laurdagen, dette syner biletene som vart tatt då springfloa var på sitt høgaste.

Roleg søndag

Regnet og snøvêret roa seg laurdag kveld, og på søndag er vasstanden i Lærdal nede på normalt nivå. 

NORMALT: Her er Løyntnantsbrygga i morgontimane søndag, med vasstanden attende på normalt nivå.
NORMALT: Her er Løyntnantsbrygga i morgontimane søndag, med vasstanden attende på normalt nivå.
Til toppen