STENGT: Hemsedalsfjellet er stengt torsdag ettermiddag på grunn av bilberging. Det skapar kø ved Borlaugkrysset. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.
STENGT: Hemsedalsfjellet er stengt torsdag ettermiddag på grunn av bilberging. Det skapar kø ved Borlaugkrysset. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.

Slik såg det ut på Borlaugkrysset

Det var full stopp i trafikken då eit vogntog sperra vegen på riksveg 52.

Lærdal: Det har vore trøbbel på fleire vegar i fylket torsdag ettermiddag, melder Statens vegvesen på Twitter.

I tillegg til at det dårlege vêret har skapt trøbbel på fjellovergangane, har også lause plater gjort at Finnsåstunnelen på fylkesveg 53 var stengt ein periode i ettermiddag.

Rundt 18.00 melde Vegvesenet at det pågjekk bilbering på Hemsedalsfjellet og vegen vart stengt ei stund like over Borlaug i eit par timar før den vart opna rundt 20.00.

Eit par timar før det var det stengt på Filefjell av same årsak, men her vart vegen opna rundt 18.00. 

Elles er føret utfordrande på fjellovergangane. På fylkesveg 50 Hol-Aurland har det vore kolonnekøyring heile torsdag, men på kvelden var vegen opna. På Filefjell og Hemsedalsfjellet vert store køyretøy bedne om å bruke kjetting. På fylkesveg 53 Tyin-Årdal ser trafikken ut til å gå greitt.

Til toppen