KNAPT SPELBAR: Fotballbana på Svalheim i Årdal har fått hard medfart etter at eit sirkus kom på besøk. No lover sirkuset å ordna opp.
KNAPT SPELBAR: Fotballbana på Svalheim i Årdal har fått hard medfart etter at eit sirkus kom på besøk. No lover sirkuset å ordna opp. (Foto: Privat)

Slik såg det ut på fotballbana etter at sirkuset hadde reist

Sirkusdirektøren sjølv seier dei vil betala for å få bana fiksa, men ymtar om at det kan vera siste gongen dei kjem til Årdal.

Årdal: – Ungane brukar bana til fotball om sommaren, men no er det djupe spor over heile, seier Geir Sandvik, som bur på Svalheim i Utladalen.

Han er langt frå nøgd med at Sirkus Agora førre onsdag fekk lov til å halda førestilling der, midt i vårløysinga.

– Det måtte jo gå gale, bana er øydelagt, seier Sandvik.

Sirkusdirektøren lovar å rydda opp

Han var i utgangspunktet kritisk til kommunen, som han mistenkte var dei som hadde gitt grønt lys til sirkuset. Men kommunen avviser at dei har gitt noko løyve. Dei anbefalar heller å høyra med idrettslaget eller Utladalen camping.

Ingen der vil heller ta på seg ansvaret.

Sirkusdirektøren sjølv, Jan-Ketil Smørdal, seier ikkje rett ut at dei fekk løyve av nokon, men at dei hadde ein «kontaktperson» i Jotun. Same opplegget hadde dei i fjor, seier han.

– Det er beklageleg at det vart hjulspor. Det var ikkje ønskeleg at me måtte jobba ræva av oss for å komma oss derifrå, seier Smørdal, lettare irritert over oppstyret.

– Det skal koma ei maskin og retta opp i det, og kven skal betala rekninga? Det blir sjølvsagt Sirkus Agora. Men det er ikkje sikkert me vil koma tilbake til Årdal, når det skal vera sånne voldsomme reaksjonar, seier Smørdal.

Glad for at det blir fiksa opp i

Han har snakka med kommunen for å prøva å finna alternativ sirkusplass, men har fått til svar at ikkje er nokon annan å oppdriva i Årdal.

Smørdal tykkjer det er leit om denne saka skal skapa negativ merksemd rundt sirkuset, når han sjølv tykkjer det er eit godt eksempel på alt det positive som skjer i Utladalen.

– Me hadde veldig bra besøk og publikum var strålande. Det må jo vere litt bra at sirkuset kjem til bygda, seier han.

Geir Sandvik på Svalheim vert glad når han høyrer at nokon vil koma og fiksa hjulspora.

– Det er fine greier. Det eg var redd for, var det skulle bli verande slik, seier han.

Til toppen