DAM I HAGEN: Slik såg det ut i hagen til Ingebrigt Wangensteen Gjerde på nyttårsaftan etter dei store nedbørsmengdene og snøsmeltinga. Foto: Ingebrigt Wangensteen Gjerde.
DAM I HAGEN: Slik såg det ut i hagen til Ingebrigt Wangensteen Gjerde på nyttårsaftan etter dei store nedbørsmengdene og snøsmeltinga. Foto: Ingebrigt Wangensteen Gjerde.

Slik såg det ut utanfor huset til Ingebrigt på nyttårsaftan​

– Me var heldige denne gongen, seier Ingebrigt Wangensteen Gjerde. 

Lærdal: Det var varsla mykje nedbør inn i det nye året, og på Gjerde i Lærdal gjorde det seg utslag i svære dammar med vatn.

Ingebrigt Wangensteen Gjerde dokumenterte vassmengdene og delte bileta på Facebook. Andre stader i regionen var vegar stengde på grunn av vassmengdene, mellom anna i Sogndalsdalen der det gjekk eit sørpeskred.

På Gjerde gjekk det heldigvis nokonlunde bra med dei som plutseleg hadde ein liten dam i hagen.

Artikkelen held fram under biletet.

MYKJE VATN: Som ein kan sjå av biletet var det store vassmengder på marka ved bustadene. 
MYKJE VATN: Som ein kan sjå av biletet var det store vassmengder på marka ved bustadene. 

– Hjå meg gjekk det bra. Eg fekk litt vatn inn i kjellaren, men klarte å halde det nede etter som eg pumpa det ut igjen etter kvart som det rann inn, fortel Wangensteen Gjerde.

Ikkje opplevd sidan 80-talet

Han meiner feildrennering er årsaka til at dei somme år opplever dette. Ikkje sidan 80-talet har det vore så gale, fortel han.

– Før i tida hadde me opne grøfter som tok unna vatnet, men no ligg alt i eitt røyr. I dette tilfellet demde det seg opp ved den nye vegen inn på Bergo, og då rann det ned på marka. Me har alltid hatt litt vatn, men ikkje så mykje, seier han.

Wangensteen Gjerde påpeikar at dei var heldige sidan det ikkje var tele i bakken. 

– Det er når det kjem mykje nedbør, og særleg saman med snøsmelting, at dette skjer. Før rann det altså i opne grøfter og ut bak Essoen, men no er alt lagt i eitt røyr som ikkje klarar å ta skikkeleg unna. 

Til toppen