NYE SKILT: Godt samarbeid mellom aktivitetsgruppa i Aurland og Nærøyfjorden verdsarvpark gjorde at kulturstien i Aurland har fått heilt nye skilt. Foto: Privat.
NYE SKILT: Godt samarbeid mellom aktivitetsgruppa i Aurland og Nærøyfjorden verdsarvpark gjorde at kulturstien i Aurland har fått heilt nye skilt. Foto: Privat.

Slik ser dei nye skilta på kulturstien ut

Aktivitetsklubben i Aurland med høgtidleg opning av kulturstien, der dei synte fram dei nye turskilta.

Aurland: – Hausten 2016, i ein matpause, kom klubbleiar Anita Lærum og eg frå opp med ideen om eit samarbeid mellom klubben og Nærøyfjorden verdsarvpark, eit stiprosjekt der ein skulle få fornye eksisterande infotavler og setje sitt eige preg på utforminga, fortel Bengt Erlend Skjerdal.

Ideen fall i god jord, og plutseleg var eit planleggingsmøte i aktivitetsklubben i gang. Dei gamle skilta på kulturstien i Aurland, som går frå Sogn jord- og hagebrukskule til Turlidfossen, skulle skiftast ut.

– Det er ein mykje nytta tursti for dei som bur i Aurland, men òg for dei som kjem på besøk. Stien passar for heile familien. Langs stien har det stått fleire tavler og informasjonsskilt. Dei gamle var heile 18 år gamle, svært nedslitte og nesten uleselege for turgåarar, seier Skjerdal.

Høgtidleg opning tysdag

I aktivitetsklubben er det laga ei eiga «Utpåtur-gruppe», så arbeidskraft til snekring og måling hadde dei nok av. Pengar søkte dei om og fekk frå Aurland sparebank.

Artikkelen held fram under biletet.

KULTURSTI: Stien som går frå Sogn jord- og hagebrukskule til Turlidfossen er ein populært tursti i Aurland.
KULTURSTI: Stien som går frå Sogn jord- og hagebrukskule til Turlidfossen er ein populært tursti i Aurland.

Tysdag denne veka var det høgtidleg opning, der dei synte fram dei nye turskilta som no står langs den populære stien. Aurland Sparebank ved Therese Turlid og «Utpåtur-grupp» fekk æra av å klyppa bandet på opninga.

Informasjon om planter og aktivitetar

Tavlene informerer om planter og urter som veks langs stien. Teksten er skriven på norsk og engelsk slik at gjestene frå utlandet òg kan forstå kva dei ser. Det var viktig for ungane på klubben at skilta skulle synast att i skogen, og difor valde dei ein «knæsj» farge på sjølve skiltstolpane. 

Artikkelen held fram under biletet.

AKTIVITETSSKILT: Det er også sett opp skilt som syner aktivitetar ein kan gjere i tillegg til å gå tur.
AKTIVITETSSKILT: Det er også sett opp skilt som syner aktivitetar ein kan gjere i tillegg til å gå tur.

Dessutan er det sett opp aktivitetsskilt som syner øvingar du kan gjere medan du er på tur ute i skogen. Eit døme på det er 90-graderen, der ein sit og lener seg inntil ein stein for å trene musklane i beina.

– No håpar me at så mange som mogleg vil ta i bruk stien, lese på tavlene og helst ta i bruk aktivitetspostane undervegs, seier Skjerdal.

Til toppen