IDEELL PLAN: Slik kan Håbakken bli sjåande ut i framtida – med detaljhandel og sal nærast vegen og logistikk, lager og industri bak. Foto: Cubus.
IDEELL PLAN: Slik kan Håbakken bli sjåande ut i framtida – med detaljhandel og sal nærast vegen og logistikk, lager og industri bak. Foto: Cubus.

Slik ser den ideelle planen for Håbakken ut

Det er framleis ein lang veg å gå, men dersom dei ikkje møter mange hinder, vil Håbakken kunne sjå slik ut i framtida. 

Håbakken: Folkevalde og næringslivsaktørar har ved fleire høve understreka kva for eit viktig knutepunkt området som møter trafikantane er. Anten dei kjem frå aust eller gjennom verdas lengste tunnel, er Håbakken blitt ein naturleg stoppestad.

No jobbar Lærdal Næringsutvikling på for å skape endå større verdiar her. Etter at Statens vegvesen la fram riksveg 52 som si anbefaling til hovudveg mellom aust og vest, gir det all mogleg grunn til å satse på Håbakken. 

Difor er det teikna eit kart over korleis Håbakken kan sjå ut – ideelt sett.

– Det ein tenkjer seg er at det som ligg nærast vegen bør tilretteleggje for å få flest mogleg til å stoppa. Då tenkjer ein på detaljhandel og sal, fortel Jan Petter Vadheim, som jobbar med dette prosjektet.

Eit knutepunkt for regionen

Lærdal Grønt vil mest truleg få ein sentral posisjon her i eit signalbygg med utsal på gateplan. Utanom kroa, er det stort sett transport og logistikk som pregar Håbakken i dag. Det som ikkje må liggja ved vegen, kan ligge lengre bak, er den ideelle planen.

Artikkelen held fram under biletet.

LANG VEG: Arve Tokvam og Jan Petter Vadheim har framleis ein lang veg å gå, men håpar dei til slutt kan lande den ideelle planen for Håbakken.
LANG VEG: Arve Tokvam og Jan Petter Vadheim har framleis ein lang veg å gå, men håpar dei til slutt kan lande den ideelle planen for Håbakken.

– Dessutan tenkjer me oss å nytte ein del av området til informasjon om kva som finst i Lærdal og elles i regionen. For mange er dette det første møtet med Sogn, så det er ein unik sjanse til å selja regionen elles. Me ønskjer at Håbakken skal vere eit viktig knutepunkt for heile regionen, tilføyer Arve Tokvam.

Varierande innspel til planen

Området er i dag eigd av fleire aktørar. Difor er ein no inne i ein prosess der ein snakkar med alle desse for innspel før planen skal opp til førstegongshandsaming i kommunestyret.

– Det er litt ulike tilbakemeldingar. Spesielt naboar er opptekne av støy og trafikk, fortel Vadheim.

Eit anna potensielt hinder er Statens vegvesen sin kontrollstasjon, som i dag ligg sentralt plassert der ein gjerne skulle hatt anna aktivitet. 

Artikkelen held fram under biletet.

HEILE OMRÅDET: Slik vil heile området sjå ut.
HEILE OMRÅDET: Slik vil heile området sjå ut.

– Det ideelle hadde vore å få flytta kontrollstasjonen bort til Lærdalstunnelen.  Dette har me forstått også er ei god plassering for Vegvesenet, men det gjenstår å sjå om det er mogleg å realisere, seier Vadheim.

Mykje skal henge ihop

Det at riksveg 52 no sit i førarsetet som stamveg, gjer det også meir sannsynleg at Vegvesenet vil behalde og truleg auke aktiviteten sin på Håbakken. 

Men det er også andre utfordringar, som forholda langs elva, forureining og utforming av vegkryss. Det er mykje som skal henge ihop for at ein skal nå den ideelle planen.

– Dei elementa som er tenkt her, er publikumsretta aktivitet, lager, logistikk, transport og industri. Ein må finne ut korleis ein skal kombinere dette til ei heilskapleg god løysing for alle. Då er det publikumsretta aktivitet som er mest sårbart, forklarar Tokvam.

Selje Håbakken nasjonalt

Først må området regulerast slik at ein får ein heilheitleg plan, deretter startar jobben med å selje området, seier Vadheim. 

– Planen vår er å jobbe mot eksisterande aktørar og få nye lokale og regionale aktørar inn her, og samstundes jobba nasjonalt og selja Håbakken. Det er ei omfattande pakke som skal jobbast aktkivt med iallfall dei neste 2,5 åra kommunen har omstillingsstatus, legg Tokvam til.

Til toppen