SPESIELT: Det er ikkje lenge sidan du måtte helst måtte ha solkrem berre for å rulla ned vindauget på tur over Tindevegen. Slik ser det ut no.
SPESIELT: Det er ikkje lenge sidan du måtte helst måtte ha solkrem berre for å rulla ned vindauget på tur over Tindevegen. Slik ser det ut no. (Foto: Webkamera/Tindevegen.no)

Slik ser det ut over Tindevegen nett no

Frå sydenstemning til vinterstorm på nokre få dagar.

Årdal: – Det er eksotisk å sjå snø både på Sognefjellet og Tindevegen, men det er ikkje behov for å verken stenga eller brøyta, seier Frank Eldegard, dagleg leiar for Tindevegen.

At vêret skulle snu etter fire-fem veker med sydentemperaturar var vel ikkje meir enn me kunne forventa. Men dei færraste hadde vel rekna med at me skulle få sjå snøen att.

– Det er ikkje lenger enn to veker sidan eg var der oppe og hadde 20 grader på bommen, og no er det null. Så det er store variasjonar, konstanterer Eldegard.

Trur ikkje på stenging

VINTERLEG: Slik er sikta i retning Turtagrø. Foto: Webkamera/Tindevegen.no

Det er spådd låge temperaturar i det minste eit døgn til. Eldegard seier dei følgjer nøye med på vêrmeldingane, men trur det skal mykje til for at snøen som eventuelt kjem skal legga seg i vegen.

– Det var eit lite slør i dag tidleg klokka seks, men når dagslyset kjem så forsvinn det som regel. Men det er klart, skulle det vera behov for brøyting og eventuelt stenging, så er me klare, seier han.

Og legg til at han ikkje trur det scenarioet er særleg realistisk.

Lurt å halda seg orientert

Som me kan sjå på bileta er det tendens til sludd 1300 meter over havet.

På denne tida av året har dei aller fleste forhåpentlegvis lagt om til sommardekk. Eldegard vil ikkje gje noko anna råd til bilistane enn å følga med på vêr- og trafikkmeldingar, som dei elles gjer.

– Generelt når det kjem slikt vêr så får me veldig mange henvendigar frå folk som lurer på korleis forholda er. Så eg trur folk er flinke til å orientera seg allereie, seier han.

Til toppen