BRATT: Langs den nasjonale turistvegen over Aurlandsfjellet er det i mai høge brøytekantar langs strekninga. Foto: Jan Christian Jerving. 
BRATT: Langs den nasjonale turistvegen over Aurlandsfjellet er det i mai høge brøytekantar langs strekninga. Foto: Jan Christian Jerving. 

Slik ser det ut på Aurlandsfjellet no

Den nasjonale turistvegen er framleis vinterstengt, men skal etter planen opnast igjen i juni. 

Lærdal: Vegen er stengt ved bom på Varahaug bru, men er gjennombrøytt med høge brøytekantar ved Flyvatni. 

På Aurlandssida er det stengt ved Kvammadalen bru, Vegen frå Aurlandsvangen til utsiktspunktet Stegastein er open heile året. 

SNØ: Slik såg det ut på Aurlandsfjellet onsdag ettermiddag.
SNØ: Slik såg det ut på Aurlandsfjellet onsdag ettermiddag.

Statens vegvesen skriv på sine nettsider at planen om opning er i månadsskiftet mai/juni. 

Vinterstengt

Den nasjonale turistvegen over Aurlandsfjellet går mellom Aurlandsvangen og Lærdalsøyri og er 47 kilometer lang (veg 243).

BRØYTING: Det er tydelege brøytekantar langs den nasjonale turistvegen.
BRØYTING: Det er tydelege brøytekantar langs den nasjonale turistvegen.

Tettstaden Lærdalsøyri, Flåmsbana, Aurlandsdalen og Nærøyfjorden er nokre av attraksjonane i nærleiken av strekninga. Ein fin rundtur får du om du køyrer Lærdalstunnelen som med sine 24,5 km er verdas lengste tunnel.

BOM: Vegen er stengt ved Vardahaug på Lærdalssida.
BOM: Vegen er stengt ved Vardahaug på Lærdalssida.

Vinterstengt. Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet er i vinterhalvåret stengt over fjellet mellom kommunegrensa Aurland/Lærdal og Nalfarbakkane ovanfor Aurlandsvangen. Raude flagg i kartet viser kvar strekningen blir stengt. Strekninga er normalt stengt i november og opnas igjen i juni.

BRATT: Slik såg det ut langs Aurlandsvegen i mai.
BRATT: Slik såg det ut langs Aurlandsvegen i mai.
Til toppen