SNØ I FJELLET: Dette er fylkesveg 53 onsdag morgon. Sommardekk er ikkje det luraste ein køyrer på dersom ein skal over her. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.
SNØ I FJELLET: Dette er fylkesveg 53 onsdag morgon. Sommardekk er ikkje det luraste ein køyrer på dersom ein skal over her. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.

Slik ser det ut på vegane i fjellet​

Etter fleire dagar med strålande vêr, har vêrgudane snudd i humøret. Onsdag morgon er det snø på fleire av vegane i fjellet.

Årdal: Det er minusgrader og nedbør i fjellet onsdag morgon. Det betyr som oftast snø, og på fleire av fjellovergangane kan det sjå ut til at å køyre med sommardekk ikkje er det luraste ein gjer.

På samtlege fjellovergangar er det meldt snø i dag, og av webkamera-bileta til Statens vegvesen ser det ut til at Kong Vinter har vore på ein av sine siste snuar før sommaren verkeleg set inn.

På fylkesveg 53 vert det meldt på snødekke i trafikkmeldingane til Statens vegvesen. På dei tre andre fjellovergangane er «bart og vått» det går i.

Elles er det rundt -2–4 grader på desse fjellovergangane med lette snøbyger. 

Sjå bileta under for status på din fjellovergang. (Alle foto: Webkamera Statens vegvesen).

E16 Filefjell

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet

Fylkesveg 50 Hol-Aurland

Fylkesveg 53 Tyin-Årdal

Tindevegen

Til toppen