FILEFJELL: E16 over Filefjell får mellom anna 239 millionar kroner til ferdigstilling av strekninga Varpe bru - Smedalsosen. Foto: Jan Christian Jerving. 
FILEFJELL: E16 over Filefjell får mellom anna 239 millionar kroner til ferdigstilling av strekninga Varpe bru - Smedalsosen. Foto: Jan Christian Jerving. 

Slik ser statsbudsjettet ut for Sogn

Det er samferdslesektoren i Sogn og Fjordane som er vinnaren i neste års statsbudsjett. Her er løyvingane for Sogn. 

Torsdag la finansminister Siv Jensen fram sitt forslag til statsbudsjett for 2017. Slik ser framlegget ut for Sogn. 

Samferdsle

  • E16, Filefjell: 239 millionar kroner vert foreslått i 2017 til Varpe bru - Smedalsosen i Vang kommune og Lærdal kommune. Prosjektet er ein del av den samla utbygginga av E16 over Filefjell. Anleggarbeidet starta i mai 2014 og er venta opna for trafikk i desember 2017.
  • Tiltak på E16, Aurland kommune: Innanfor programområda vert det sett av midlar til å restfinansiera etableringa av skredvoll ved E16 i Flåm. Prosjektet vert fullført hausten 2016. 
  • Fornyingsmidlar på E16 i Flåm: Vidareføre utbetringa av Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen på E16. Sprengingsarbeid startar hausten 2016 og vil ta om lag eitt år. Elektrooppgraderinga startar hausten 2017 med ferdigstilling nærare årsskiftet 2018-2019. 
  • E16 Filefjell: Det vert sett av 19,1 millionar kroner til restfinansiering for strekninga Smedalsosen - Maristova - Borlaug. 
  • Riksveg 5, Sogndal: Det vert sett av 130 millionar kroner i statlege midlar til å vidareføre utbygginga av riksveg 5 Loftesnesbrui. Anleggsarbeidet starta i desember 2015 og prosjektet er venta opna for trafikk sommaren 2018. 
  • Tiltak på riksveg 55: Bygge gang- og sykkelveg på strekninga Fardal - Ylvisåker i Sogndal kommune. Prosjektering og grunnerverv i 2016 - fysisk anleggsstart i 2017.
  • Rentekompensasjon for transporttiltak: Regjeringa foreslår at ordninga med rentekompensasjon for transporttiltak vert vidareført med same låneramme i 2015 og 2016, det vil seie tre milliardar kroner. Investeringsramma for Sogn og Fjordane i 2017 blir med dette 116,7 millionar kroner og rentekompensasjon på 9,6 millionar.

Kommunikasjon

  • Tilskot til breibandsutbygging: Regjeringa foreslår å bevilge 93,7 millionar kroner til tilskot til utbygging i område der det ikkje er kommersielt grunnlag for utbygging. Her kan kommunar og fylkeskommunar søke om midlar. 

Helse

  • Regjeringa foreslår å gi lån til modernisering og oppgradering av sjukehuset i Helse Førde med 18 millionar kroner i 2017 og ei låneramme på 1.125 millionar kroner tilsvarande 70 prosent av forventa prosjektkostnad, som vert utbetalt i perioden 2017-2025. 
  • Regjeringa foreslår eit eingongstilskot på 100 millionar kroner til forsering av vedlikehaldstiltak i helseforetaka som eit ledd i ein samla tiltakspakke for auka sysselsetting. Helse Vest får 70 millionar kroner.

Flaum- og skredsikring

  • Regjeringa foreslår å gi om lag 350 millionar kroner for å handtere flaum- og skredrisiko, der 310 millionar kroner går til kartleggings- og sikringstiltak. 

Omstilling og utvikling

  • 58 millionar kroner til Sogn og Fjordane fylkeskommune til regional utvikling.
  • Inkludert er ei skjønnstildeling til fylke og med regionar og lokalsamfunn med store omstillingsutfordringar (6 millionar). 

Utdanning

  • Høgskolen i Bergen, Høgskolen i Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane fusjonerer frå 1. januar. Regjeringa foreslår å auke bevilgninga til den nye Høgskulen på Vestlandet med 3,2 millionar kroner til nye rekrutteringsstillingar. 

Skattekontor

  • Regjeringa foreslår å kutte kraftig i tal skattekontor i Sogn og Fjordane. Her vil Sogn miste kontora i Sogndal og Årdal. Kontora som skal vere att er Førde, Leikanger og Nordfjordeid. 
Til toppen