Generelt for Sogn og Fjordane er det ikkje lystig lesnad. Veksten i dei frie inntekene er i snitt på 2,1 prosent for kommunane fylket. Det er 0,6 prosent under landsgjennomsnittet.
Dessutan vert det kutt i fylkeskommunen. Det kjem fram av statsbudsjettet for neste år, som finansminister Siv Jensen (Frp) la fram torsdag.
– Folketalet her i fylket går ned, og vi får fleire eldre. Det er det som er bakgrunnen for at inntektene til kommunen går ned, seier seniorrådgjevar hos fylkesmannen på Leikanger, Martin Kulild, til NRK.
Berre seks kommunar har ein vekst som er større enn landssnittet på 2,7 prosent. Ein av desse er Årdal, som den einaste kommunen i Indre Sogn. Størst vekst har Vik med 5,1 prosent, medan Vågsøy kommune er lågast vekst med 0,6 prosent.
Frie inntekter er midlar som kommunar og fylkeskommunar fritt kan disponere utan andre føringar frå staten enn gjeldande lovar og reglar.
Inntektene består av skatteinntekter og rammetilskot og utgjer om lag 76 prosent (80 prosent når ein inkluderer momskompensasjon) av kommunesektorens samla inntekter.
Tabellen under syner ei oversikt over veksten i frie inntekter (1000 kroner) i dei ulike kommunane inst i Sognefjorden.
Kommune | Frie inntekter 2017 | Vekst i kroner | Vekst % |
Leikanger | 132 786 | 2651 | 2,0 |
Sogndal | 401 729 | 7665 | 1,9 |
Aurland | 118 078 | 1739 | 1,5 |
Lærdal | 138 137 | 2148 | 1,6 |
Årdal | 301 974 | 9868 | 3,4 |
Luster | 307 992 | 4800 | 1,6 |