KLAR PLAN: Åge Hestetun og Ivan Øy har ein klar plan for korleis Årdal skal overleva tredjedivisjon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KLAR PLAN: Åge Hestetun og Ivan Øy har ein klar plan for korleis Årdal skal overleva tredjedivisjon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Slik skal Årdal sikra plassen i tredjedivisjon

Trenarapparatet i Årdal trur ni poeng må til dersom ein fornya kontrakt i tredjedivisjon skal sikrast.

Måndag kveld tek Årdal imot Hødd 2 i det som blir den første «cupfinalen» av fem for å sikra plassen i tredjedivisjon.

Etter å ha fått med seg eitt poeng mot Arna-Bjørnar i tillegg til litt hjelp frå Sogndal 2 som slo Norborg, ligg Årdal like over nedrykksstreken med ein betre målforskjell.

Førre veka besøkte Porten.no laget på trening på krøllgraset ettersom kveldens kamp skal spelast der. Og resepten for å halda seg er klar:

– Me har fokus på å vera nøyaktig i det me trenar på, setja sjansane me får og holda tett bakover, og skal det vera ein skikkeleg trykk og vilje til å ta dei poenga me treng for å overleva. Det skal me klara, seier Åge Hestetun.

Artikkelen held fram under biletet.

MOTIVERER: Åge Hestetun prøver å motivera spelarane før den viktige kampen mot Hødd 2.
MOTIVERER: Åge Hestetun prøver å motivera spelarane før den viktige kampen mot Hødd 2.

Han er tydeleg tent i blikket, og det er litt tvil å spora om at dette skal gå vegen. Når Porten .no prøver seg med spørsmål om nedrykk, er han klinkande klar:

– Me rykker ikkje ned! Me skal overleva! Me skal klara det. Me ligg på fjerde siste, og det er ingen av dei laga under oss som skal ta oss att. Me har tru på spelarane, og me veit dei klarar det, seier han engasjert.

Kjenner på presset

For mange av spelarane er det likevel ein ny situasjon – å kjempa ein nedrykkskamp kan føra til eit press.

– Dei kjenner nok litt på det, seier Ivan Øy før han held fram.

– Det ser me på den måten at det til tider blir litt krampeaktig med tanke på effektiviteten vår. Mot Arna-Bjørnar produserte me åtte-ti gode sjansar, men scora berre på to. Motstandaren scora like mange, men hadde ikkje like mange sjansar. Det kjem nok likevel under heilt andre kategoriar enn at me er uheldige.

Les òg: Samtlege herrelag frå årdal kan rykka ned

– Og kva med trenarane. Kjenner det på presset?

– Me har éi oppgåva, og det er å sikra kontrakten. Det prøver me å overføra til spelarane med å byggja sjølvtillit og få dei til å prestera på trening, og så veit eg at det kjem i kamp. Me har trua, men me må få fram vilja og faenskapen i dei, seier Hestetun.

– Eg trur folk forventar at me skal vera blant dei betre i divisjonen, og det har eg full forståing for. Det hadde me fått til også dersom me hadde bygd opp fotballen på den måten han burde ha vore bygd opp på, legg Øy til.

– For dårleg jobb

Prestasjonane har ikkje stått i stil med forventningane denne sesongen. Målet om ein plass på øvre halvdel av tabellen er ikkje nådd.

– Tabellen lyg aldri, og det betyr at me har gjort ein for dårleg jobb, rett og slett. Me har ikkje vore nøyaktige nok i det me har gjort, fortel Hestetun.

Artikkelen held fram under biletet.

INGENTING Å LEGGJA SKJUL PÅ: Geir Kjetil Øvstetun er einig i at Årdal ikkje har prestert så godt som dei hadde ønskt.
INGENTING Å LEGGJA SKJUL PÅ: Geir Kjetil Øvstetun er einig i at Årdal ikkje har prestert så godt som dei hadde ønskt.

– Det er ikkje noko å leggja skjul på, og det målet har me ikkje nådd. Det er me skuffa over, og no er hovudmålet å halda seg, seier leiar i klubben Geir Kjetil Øvstetun.

Difor har det gått så dårleg

Han trekkjer fram tre ting som årsaker til at laget no må kjempa ein nedrykkskamp.

– Det er ein situasjon no der me mistar spelarar kvart år. Dei som er 19-20 år reiser vekk frå bygda, og det førte til at me mista Ole Morten Jevnaker, Per Sandnes og Terje Andreas Jevnaker. Dette var tre spelarar som i utgangspunktet hadde vore førstelagsspelarar.

– Og så har me fått ein situasjon der fleire jobbar skift. Det har gjort at me ikkje alltid får stilla det laget med ønskjer. Til slutt har du ein del interne forhold, at me får for mange gule og raude kort etter munnbruk. Det set oss i vanskelege situasjonar, seier han.

Les òg: Jotun skal sikra fotballframtida i Årdal

– Her har me folk på skift og skule, og folk som er opptekne av mykje anna enn fotball, og det ser me att på lagoppstillinga gjennom sesongen. Det er sjeldan me får stilla to like lag, supplerer Øy.

Store forskjellar

Sjølv om trenarane, forståeleg nok, ikkje vil høyra snakk om nedrykk, er dette noko Øvstetun har tenkt på.

Artikkelen held fram under biletet.

STUDERER: Ivan Øy følgjer nøye med på spelarane sine og instruerer.
STUDERER: Ivan Øy følgjer nøye med på spelarane sine og instruerer.

– Konsekvensen er først og fremst at me kjem ned på eit nivå som er under det me er på. Fjerdedivisjon i Sogn og Fjordane er ganske dårleg, og då er eg ærleg. 

– I nokre samanhengar kan det vera greitt å rykka ned for å rykka opp at betre førebudd, men då må det vera ein del tilgang på ny, unge, gode spelarar. Me har nokre, men spørsmålet er om dei er klare. Det er ein himmelvid forskjell på tredje- og fjerdedivisjon.

Ingen store endringar

Skulle det verste skje at Årdal rykker ned, vil det ikkje skje enorme endringar, fortel Øvstetun.

– Ivan har kontrakt, så det er ikkje noko diskusjonstema. Me er nøgde med dei trenarane me har, men me må vera så ærlege at me må gå i oss sjølv og sjå på kva som har vore bra og dårleg, seier han.

– Me kjem til å halda fram slik me gjer no, og så får me håpa at det er godt nok til å rykka opp att. Me får bruka kreftene no ut i oktober på å halda oss, og så får me ta den diskusjonen etterpå.

Treng støtte

Men nedrykk er ikkje eit faktum endå, og er det noko som bidreg til at spelarar presterer betre, så er det eit engasjert publikum som heiar laget fram. Difor håpar Åge Hestetun at så mange som mogleg kan ta turen ned og sjå oppgjeret klokka 18.00 i kveld.

– Det hadde vore utruleg flott å fått ein 4-500 stykk der nede. Me treng den støtta me kan få. Me må få ned alle dei som sit på torget, som ikkje har vore på kamp på aldri så lang tid, for eg veit at dei er interessert i fotball.

– Det hadde vore utruleg kjekt å få ei samma rundt kampen som gjer at spelarane gira seg opp enda eit hakk. Det er moro å spela for folk som er entusiastiske utanfor bana, seier han.

Hødd 2 har allerede meldt inn laget dei startar med til kretsen. Klikk HER for å sjå kven som starter for bortelaget.

Til toppen