MØTEPLASS: Brua skal ikkje berre vera til å koma seg på andre sida, men legg òg opp til at du kan ta ein stopp på vegen.
MØTEPLASS: Brua skal ikkje berre vera til å koma seg på andre sida, men legg òg opp til at du kan ta ein stopp på vegen. (Illustrasjon: Nordplan/Stiv Kuling)

Slik vil brua over Sogndalselvi sjå ut

Tre lokale arkitektar hadde levert inn forslag. No er vinnaren kåra. Sjå fleire illustrasjonar lenger nede i saka.

Sogndal: Ein jury har kåra Stiv kuling til vinnaren i ein arkitektkonkurranse der oppgåva var å teikna ny bru over Sogndalselvi. Arkitekten frå Sogndal går no i samtalar med kommunen om å skriva kontrakt.

Etter planen skal bygginga starta våren 2019, og brua skal stå klar innan januar 2020.

I juryen si vurdering heiter det mellom anna:

FJORD OG FJELL: Brua vil koma i elveosen, og dermed bli ei naturleg forlenging av Fjordstien.

– Forslaget er på mange måtar nyskapande, og utfordrar meir tradisjonelle haldningar til korleis ei bru skal sjå ut. Forslaget vil vera med på å gjera Fjordstien endå meir variert, med omsyn til opplevingar og aktivitetstilbod, skriv dei.

Brua er plassert ytst i elveosen mot fjorden og vil gå mellom fabrikken til Nortura og dei komande høgblokkene på Lerum brygge.

– Med denne plasseringa vil Fjordstien følga fjordkanten langs heile strekninga og gjera fjordstikonseptet komplett, skriv juryen.

Brua vil nytta mykje dei same materiala som går att elles i Fjordstien, med vekt på at dei skal vera robuste og lette å halda ved like. Likevel stiller juryen spørsmål ved om valet av limtre i bruspennet er heilt heldig.

– Ei eventuell modifisering kan lett gjennomførast utan at brukonseptet må endrast, konkluderer dei.

SIKKSAKK: Slik vil brua sjå ut ovanfrå, med tre møtepunkt undervegs.

 

Til toppen