DAGSTURHYTTE: Slik ser den nye dagsturhytta ut, som kvar kommune i Sogn og Fjordane skal ha. Dei første hyttene skal vera på plass i 2017. (Foto: Rojo arkitekter)
DAGSTURHYTTE: Slik ser den nye dagsturhytta ut, som kvar kommune i Sogn og Fjordane skal ha. Dei første hyttene skal vera på plass i 2017. (Foto: Rojo arkitekter)

Slik skal dagsturhyttene sjå ut

Alle kommunane i Sogn og Fjordane skal ha ei dagsturhytte. Rojo arkitektar frå Trondheim vann arkitektkonkurransen om å få teikna hytta.

Alle kommunane i Sogn og Fjordane skal byggja ei dagsturhytte ved populære turmål. Nokre kommunar skal jamvel byggja to. No har fylkeskommunen vald ut kven som får oppdraget med å teikna hyttene. Rojo arkitektar frå Trondheim kom best ut av dei 21 som sende inn bidrag i arkitektkonkurransen.

Arkitektframlegget dei har valt ut er forma som ein trekant, og har benkar og trapper til å sitja i utandørs. Store vindauge skal gje besøkjande god kontakt med naturen.

Hyttene skal vera ein stad ein kan byta klede, eta nista og få varmen i seg når ein er ute på tur. Det skal òg vera eit minibibliotek i hyttene, i hovudsak med nynorske barnebøker.

Artikkelen held fram under biletet.

INNI: Kvar kommune i Sogn og Fjordane får ei dagsturhytte ved populære turmål, slik at turgåarar kan gå innom og byte klede og varme seg.
INNI: Kvar kommune i Sogn og Fjordane får ei dagsturhytte ved populære turmål, slik at turgåarar kan gå innom og byte klede og varme seg.

Stiftinga til Sparebanken i Sogn og Fjordane gjev 5,2 millionar kroner til hyttene, éin tredel av finansieringa, og seier det er eitt av dei sprekaste prosjekta dei har sett på lenge. Fylkeskommunen administrerer prosjektet, og kommunane skal byggja og vera ansvarlege for hyttene.

Dei første hyttene skal vera på plass i 2017, og alle skal vera ferdige innan utgangen av 2018. (©NPK)

Til toppen