STARTA OPPATT MED REFORM: Det nye formannskapet var innkalla til ekstraordinært formannskapsmøte torsdag. Annike Vanberg (SV) (f.v), Gunn Beate Sjøthun (Sp), Gro Starheimsæter (Sp) var vara for ordførar Jan Geir Solheim (Sp), varaordførar og ordstyrar Trond Øyen Einemo (H), Kåre Mentz Lysne (Ap) og rådmann Alf Olsen jr. Foto: Ina Eirin Eliassen
STARTA OPPATT MED REFORM: Det nye formannskapet var innkalla til ekstraordinært formannskapsmøte torsdag. Annike Vanberg (SV) (f.v), Gunn Beate Sjøthun (Sp), Gro Starheimsæter (Sp) var vara for ordførar Jan Geir Solheim (Sp), varaordførar og ordstyrar Trond Øyen Einemo (H), Kåre Mentz Lysne (Ap) og rådmann Alf Olsen jr. Foto: Ina Eirin Eliassen

Slik skal dei folkevalde jobba med kommunereformen

Målet formannskapet i Lærdal har sett seg er å legge fram forslaga til kva kommunar å gå vidare med i reformprosessen til årets siste kommunestyremøte 17. desember. 

Lærdal: Drøfting rundt kommunereform kom som den første saka for det nye formannskapet i Lærdal, under det ekstraordinære formannskapsmøtet torsdag. Og det er nok ikkje å ta i at korkje politikarar eller rådmann var særleg entusiastiske til å ta fatt på oppgåva om å finna ut av kva kommunealternativ som er det beste for Lærdal i åra framover.

Sist torsdag vart rapporten alle har venta på lagt fram. Den er utarbeidd av Telemarksforsking på oppdrag av Sogn regionråd, der seks alternativ til kommunesamanslåingar er greidd ut (Sjå faktaboks). 

– Vanskeleg å selje reformen

Rådmann Alf Olsen jr. tykkjer rapporten er omfattande og eit solid fagleg handverk, som gir god kunnskap om vidare prosessar. Han legg ikkje skjul på at han tykkjer det er tungt å finna salsargument for samanslåing. Og sjølv om Lærdal ikkje er ein attraktiv kommune å slå seg i lag med grunna den høge lånegjelda, legg han vekt på at det nok vil endra seg i eit langsiktig perspektiv.  

– Dei vidare prosessane er politiske, der de må meina noko om innhaldet i rapporten. Men til sjuande og sist må me ville dette, seier rådmannen.  

Olsen jr. legg til at det i tida framover vil vera naudsynt å setje administrasjonen i sving, men før den tid må dei få klare oppgåver av politikarane for kva å arbeida vidare med. 

Forskar bak rapport: – Større er framtidsretta

For Lærdal er det fire alternativ som er greidd ut i rapporten; heile Sogn, heile Sogn minus Høyanger, samanslåing mellom sørsida og nordsida av fjorden, og sørsida av fjorden med kommunane Årdal, Lærdal og Aurland. 

Forskar Bent Aslak Brandtzæg ved Telemarksforsking seier til NRK Sogn og Fjordane at han meiner ein storkommune i Sogn kan vera mest framtidsretta. Han legg også vekt på at kring 50 år fram i tid, kan det vera best å vera stor om kommunane maktar å bli einige. Så sjølv om dei mindre alternativa med kring tre kommunar samsvarar med etablerte bu- og arbeidsmarknadsregionar, får kommunane utfordringar med tenester og samfunnsutvikling. Frå å ha interkommunale samarbeid som i dag, kan det difor vera vinning på ei heilskapleg planlegging og utvikling meiner forskaren. I tillegg vil dei minste alternativa ha eit lågt folketal, som ikkje vil gi dei store effektane med tanke på utviklingskraft og evne til å løysa og ta på seg nye oppgåver. 

Les også: Kommunereform: – Vil me, må me, skal me?

Fordelar og baksider

ENDRA LANSKAP: Trond Øyen Einemo (H) meiner det er viktig å gå ut til politikarane i Sogn, då det politiske landskapet kan ha endra seg sidan valet i september.
ENDRA LANSKAP: Trond Øyen Einemo (H) meiner det er viktig å gå ut til politikarane i Sogn, då det politiske landskapet kan ha endra seg sidan valet i september.

Formannskapet peika på at rapporten eigentleg ikkje gir klare svar, då det er fordelar og baksider ved alle alternativa. Trond Øyen Einemo (H) meinar det er tydeleg i rapporten kva kommunar som har noko å vinna og kven som tapar på kommunesamanslåing, der mellom anna Sogndal er positive medan Luster seier nei. Han peikar også på at politikarane som vart intervjua i rapporten ikkje nødvendigvis er dei same som sitt no. Einemo tykkjer difor er det viktig å gå ut for å høyre kva den politiske leiinga i kommunane no vil. 

– Om det er ingen som vil leika med oss er jo prosessen over, seier Einemo. 

Kåre Mentz Lysne (Ap) ser to modellar som interessante. Det er sørsidealternativet med Årdal, Lærdal og Aurland, men som er uaktuell om Aurland framleis ikkje vil. I tillegg ser han på alternativ to, med ein storkommune i Sogn minus Høyanger. 

– Ein storkommune gir eit areal større enn Østfold og vil gi eit spekter av næringsverksemd, men det skortar på kommunikasjon. Sørsida og nordsida kvar for seg, er alternativa som kjem best ut økonomisk sett etter 15 år prosentmessig. Her mister ein fordelar som samfunnsutviklar, men areal og næringsmessig er det ei spennande samansetting. Ser me mot Sogndal, er me også i ein ny posisjon som ikkje er greidd ut. Eg trur det er viktig å få fram kva me vil oppnå med ein reform. Det må jo vera eit mål å bli betre, seier Lysne.

Han meiner også Lærdal åleine bør vera eit alternativ som blir handsama likt som dei andre, sjølv om det ikkje er greidd ut i rapporten. 

Les også: Reagerer på forslag om kommunesamanslåing

Må finne ut kva ein vil og kven som vil

– Det står jo også på kva andre vil, både kommunar og i tillegg skal partia ha sine prosessar. Me har ikkje hatt nokon prosess og innad i Arbeidarpartiet er det mange meiningar. Det er mange argument som er for samanslåing og på inntekssida kan me bli tvinga. Det er viktig å sjå framover i tid og me må bruke den tida me treng. Dette er det viktigaste me gjer denne perioden og det vil påvirke dei neste generasjonane, seier Lysne.

Artikkelen held fram under biletet

HÅRFAGRE STARTA HER FOR EIN GRUNN: – Me er gode til å krangla her i Sogn, slår både Gro Starheimsæter og Gunn Beate Sjøthun (Sp) fast. Kåre Mentz Lysne (Ap) minnar om at det er ein grunn til at Harald Hårfagre starta nettopp i Sogn då han skulle samla Noreg til eitt rike. – Det er jo her utfordringane ligg. No må me starte på nytt med alle småkongane, seier han lurt.
HÅRFAGRE STARTA HER FOR EIN GRUNN: – Me er gode til å krangla her i Sogn, slår både Gro Starheimsæter og Gunn Beate Sjøthun (Sp) fast. Kåre Mentz Lysne (Ap) minnar om at det er ein grunn til at Harald Hårfagre starta nettopp i Sogn då han skulle samla Noreg til eitt rike. – Det er jo her utfordringane ligg. No må me starte på nytt med alle småkongane, seier han lurt.

Einemo meiner det viktigaste med reformen er kvaliteten på tenester. Det er meir forutsigbart med ein større region, då det ikkje er personavhengig som i små kommunar. Samstundes hjelp det lite om ein kommune har mykje pengar, om ikkje dei rette personane er der. 

– Lærdal har ikkje dårlege tenester sjølv om me har høg gjeld. Me må heller ikkje selje oss for billig. Det er to ting me må har klarheit i, kva vil me og kven vil me leika med, seier Einemo. 

Gro Starheimsæter (Sp) peikar på at å ha mange utgreiingar vil koste for kommunen. Olsen jr. seier at vidare avgjerder skal skje i kommunane. Sogn regionråd vil bidra vidare i arbeidet, men det er kommunane som må sitta i førarsetet. 

Vegen vidare

Konklusjonen til formannskapet var at først og fremst at kvart parti i Lærdal må finne ut kva dei meiner er det beste alternativet til kommunereform, i tillegg til kva som er målet for samanslåing. Olsen jr. legg også til at det vil vera nyttig at politikarane pratar med partia på tvers av kommunegrensene. Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) får i tillegg i oppgåve å finne ut kva kommunar som vil vera med Lærdal vidare og ikkje. Svaret på det trur dei ikkje blir klart til møtet som skal vera neste fredag, 30. oktober. Då skal alle formannskapa i Sogn regionråd møtast i Sogndal for å drøfte rapporten. 

ULOVLEG: Rådmann Alf Olsen jr. seier det ikkje er lov med bindande folkerøysting. Det har vore eit spørsmål som har splitta partia i Lærdal tidlegare, der særleg Senterpartiet har vore i mot.
ULOVLEG: Rådmann Alf Olsen jr. seier det ikkje er lov med bindande folkerøysting. Det har vore eit spørsmål som har splitta partia i Lærdal tidlegare, der særleg Senterpartiet har vore i mot.

Målet formannskapet sikar mot er å ha alternativa til kva kommunar å jobbe vidare med som ei sak til siste kommunestyremøte før jul, 17. desember. I neste steg skal det bli utarbeida intensjonsavtalar med ein eller fleire alternativ, som i mars skal opp i kommunestyret om ein har klart å kome fram til noko. Intensjonsavtalar og resultatet frå utgreiingsarbeidet skal så danne grunnlag for ei høyring blant innbyggjarane, går det fram i rapporten.  

På spørsmålet om bindande eller rådgjevande folkerøysting, seier rådmannen at det ikkje er lov med bindande folkerøysting. Dermed blir innbyggjaranes røyst rådgjevande for kommunestyret, då det er dei folkevalde som tek den endelege avgjerda. Frå statleg hald har kommunane frist til å fatte vedtak om framtidig kommunestuktur til utgangen av juni 2016.

Les også: Ordføraren trumfa spørsmålet om bindande folkerøysting

Til toppen