DRAUMEHELG: Vegard Skjeldestad starta Vegards krefttråkk for å samla inn pengar til ungar som har fått kreft. Håpet er at ei aktivitetshelg skal gje dei eit løft til å stå på vidare.
DRAUMEHELG: Vegard Skjeldestad starta Vegards krefttråkk for å samla inn pengar til ungar som har fått kreft. Håpet er at ei aktivitetshelg skal gje dei eit løft til å stå på vidare. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Slik skal kreftsjuke born få ei draumehelg i Sogndal

Dei sykla 430 kilometer på sykkel for at kreftsjuke ungar skulle få eit pusterom i kvardagen. No er opplegget for aktivitetshelga klart.

Sogndal: Helga 20. til 22. april kjem kreftsjuke born til Sogndal for å oppleva eit velkome pusterom i kvardagen. Med seg får dei både foreldre og søsken. 

– Eg håpar og trur at dei vil setta pris på å få kopla vekk frå den elendigheiten dei er i, eller har vore i. Ikkje minst at foreldre eller pårørande får vera med likesinna, og prata saman. Eg trur det er nesten like viktig, det var det i allefall for vår familie når me var på slike tilstelningar, seier Vegard Skjeldestad, som var tolv år då han fekk kreft.

FIRBEINTE VENER: Dyra på Hollekve gard er blant dei mjukare opplevingane ungane vil få denne helga.  Bilde: Halvor Farsund Storvik

I 2017 sykla han og eit tjuetals personar Jotunheimen Rundt til inntekt for aktivitetshelga dei no skal arrangera. Til slutt enda dei opp med å få inn over 250.000.

– Det er heilt fant at eit lokalsamfunn og privatpersonar har gitt så mykje som dei har gjort. Eg hadde eit mål om å nå 50.000. Det greidde me lenge før rittet i det heile hadde starta. Det er heilt overveldande, seier Skjeldestad.

Dette skal familiane få oppleva

Til saman er det ti familiar frå Hordaland og Sogn og Fjordane som får ei draumehelg i Sogndal. Opplegget er ikkje hundre prosent spikra, men etter planen ser det slik ut:

Første stopp laurdag er ved brannstasjonen i Sogndal der Sogn brann og redning skal ha eit heitt opplegg. Vidare går turen i buss til Agna Hollekve og garden hennar i Hodlekve. Her blir det riding, køyring med hest og slede og høve til å kosa med dei mange dyra som er der. Er det fint vêr blir det grillmat til lunsj.

Etterpå kan dei som har lyst få vera med Røde Kors å køyra snøskuter. Dei som heller ønskjer å stå i skitrekket får gjera det. På kvelden er det festmiddag, her blir òg alle dei som var med å sykla inviterte. Søndagen er det tid for å klatra i Sognehallen. Etter lunsj kan dei som ikkje har hastverk heim få med seg heimekampen til Sogndal mot Kongsvinger.

– Eg håpar dei får ei helg dei seint vil gløyma, seier Skjeldestad.

Til toppen