MØTEPLASS: Bakkeplassen vil bli plassert midt i hjartet av Fosshaugane Campus, i hjørnet som vender ned mot storhallen. Det er òg planar om å lage dør ut til bana og få til noko spesielt i området der cornerflagget står, men dei planane er ikkje komne like langt.
MØTEPLASS: Bakkeplassen vil bli plassert midt i hjartet av Fosshaugane Campus, i hjørnet som vender ned mot storhallen. Det er òg planar om å lage dør ut til bana og få til noko spesielt i området der cornerflagget står, men dei planane er ikkje komne like langt. (Bilde: Rom for forandring)

Slik skal dei heidre bestevennen og klubblegenda

Den eine svingen på Fosshaugane Campus skal bli bygd om og kalla opp etter Svein Bakke.

Sogndal: Dei over 70 givarane til Svein Bakkes minnefond fekk seg ei stor overrasking då dei var samla før kampen søndag.

I tillegg til å få presentert idèen bak fondet dei støttar og visjonane vidare, fekk dei òg vite om planane om å bygge om den eine svingen på Fosshaugane, den som vender ned mot Storhallen, utanfor dagens Flo-stove. 

– Det blir fantastisk flott. Det blir ein møteplass på det mest sentrale punktet på heile Campus. Det byggjer me no om og det skal heita «Bakkeplassen», seier Rolf Navarsete, tidlegare spelar og mangeårig leiar i klubben, som saman med Ingvar Stadheim er sentral både i fondet og i arbeidet med å få den nye svingen på plass.

Påkosta interiør

Navarsete seier ambisjonen er å bruke ganske mykje pengar på prosjektet, men at ingenting vil kome frå fondet. Dette er altså pengar dei har henta i tillegg.

NYE PLANAR: Vener av Svein Bakke var samla før søndagens kamp for å bli informert om planane til minnefondet. Dei fekk ei ekstra overrasking på kjøpet. Frå venstre: Kjell Skjeldestad, Trygve Brekkeflat, Ingvar Stadheim (styreleiar i fondet), Johan Johannessen, Rolf Navarsete, Finn Stedje og Åge Harald Hauge.
NYE PLANAR: Vener av Svein Bakke var samla før søndagens kamp for å bli informert om planane til minnefondet. Dei fekk ei ekstra overrasking på kjøpet. Frå venstre: Kjell Skjeldestad, Trygve Brekkeflat, Ingvar Stadheim (styreleiar i fondet), Johan Johannessen, Rolf Navarsete, Finn Stedje og Åge Harald Hauge. Foto:  Halvor Farsund Storvik

Ingvar Stadheim seier målet, som med fondet, er å heidre kameraten dei både spelte og jobba med i årtier. 

– Svein har sett spor etter seg og det var jo grunnen til at me etablerte fondet òg, seier Stadheim.

Han fortel at nesten 300 personar har bidrege til fondet, som for lengst har passert fire millionar kroner. Navarsete trur det berre er eit tidspunkt før dei rundar neste millionen.

Ønskjer å utgjere ein forskjell

Pengane skal hjelpe lokale talent fram til førstelaget, noko Svein Bakke var særs oppteken av, spesielt dei siste åra.

– Det ønskjer me skal vera pengar som utgjer ein forskjell. Det Svein dreiv med var ikkje berre å flytta noko frå A til B, men frå A til Å. Det håper me å oppnå med fondet òg, seier Navarsete.

På treffet før kampen vart det òg tid til å mimre og sjå tilbake på historier dei hugsar med Bakke, som brått omkom i 2015. Men når vi spør om eksempel på slik historier blir Stadheim svar skuldig.

– Kva skal me seia til det då, Rolf?, spør han og snur seg mot sidemannen.

– Det blir ikkje heilt det same å ta dei her, som i eit lukka rom, seier Navarsete og humrar.

Til toppen