Slik skal dei jobba for at neste år skal bli like bra

Slik skal dei jobba for at neste år skal bli like bra

Kristoffer Nystedt og Erling Eggum har planar klare for å følgja opp årets gode sesong med ein ny til neste år.

Årdal: Tal SSB presenterte 2. oktober syner at Vestlandet har hatt ein enorm vekst innanfor turisme i år. Det har også drope på reiselivsaktørane i Årdal.

Nystedt, som er dagleg leiar for Utladalen Camping og Svalheim Gard, og Eggum, som er dagleg leiar for Klingenberg Hotell, fortel begge om ein svært god sommarsesong.

GOD SERVICE: Kristoffer Nystedt seier god service og informasjon er noko som har fokus hjå dei. Arkiv
GOD SERVICE: Kristoffer Nystedt seier god service og informasjon er noko som har fokus hjå dei. Arkiv

Mykje trafikk

For Nystedts del har dei hatt mange turistar frå Nord-Europa og nordmenn, medan Eggum har hatt mykje trafikk frå Asia. Begge har planar for korleis dei skal halde fram veksten neste sommar.

– Me har vore veldig flinke til å marknadsføre oss mot nordmenn og nord-europearar. Me har eit godt produkt retta mot dei, og det er jo den marknaden me siktar oss inn mot – fjellinteresserte som er interesserte i å oppleva noko. 

– I tillegg har me ein del gjennomfartstrafikk som skal vidare, som også er viktig kundegruppe. Me har hatt ein stor oppsving i bilturisme og bubil, fortel Nystedt. 

Gode på service og informasjon

Han har blant anna tilsett Øystein Gulbrandsen, og i sommar har dei hatt sesongarbeidarar på campingen. 

– Me må oppretthalde og jobba vidare med kvalitet på service og god informasjon. Me er veldig opptekne av turistinformasjon. Me føler ikkje me kan konkurrere med mange når det gjeld fasilitetar, men på god service og informasjon. 

– Ved sidan av det har me planar om å opna opp campingen og Svalheim, slik at det blir enda flottare enn det har vore, og slik at det føles meir ut som eitt stort område. Og så har me nokre andre idear, men dei kan eg heller koma tilbake til, ler han løyndomsfullt.

PÅ NETT: Erling Eggum fortel at internett skal få meir fokus hjå Klingenberg Hotell inn mot neste sesong.
PÅ NETT: Erling Eggum fortel at internett skal få meir fokus hjå Klingenberg Hotell inn mot neste sesong.

På nett

For Eggums del er to ting som utmerkar seg, og som skal jobbast med i vinter. Det første er nettsida.

– Me vil prøva å betra materialet vårt til nettet, at me kjem betre inn der. Mykje av salet skjer der når det gjeld individuelle reisande. Nettet er blitt viktigare og viktigare. Me vil gjera det mogleg å bestille og betale direkte på nett. Dette skal gjelda både Klingenberg og Sitla, og me vil også prøve å få inn Vetti på det systemet.

Opprusting av Sitla Hotell

I sommar tok som kjend Klingenberg tak i drifta på Vetti gard att, noko mange har sett pris på. Det viser seg også på omsetninga. Ein annan viktig del av produktet er Sitla Hotell i Øvre Årdal.

– Me planlegger ytterlegare ombygging her for å tilpassa oss marknaden når det gjeld turisme og Vetti-trafikk. Det er gjort ein del, men er ikkje i mål. Me skal gjera endå meir så sant me får det finansiert. Det er viktig å leggja til, seier Eggum og forklarar nærare kva som er planane.

– Me vil betra standarden på alle rom. Det blir færre rom, men høgare standard. Det er snakk om å gjera fleire av romma om til leiligheiter, og så blir det tradisjonelle hotellrom med tilgang til kjøkken. Me legg opp til sjølvbetent innsjekk og utsjekk, der ein nyttar bankkort og kan gå rett inn og kjøpa eit rom. Dette blir eit rimelegare tilbod enn på Klingenberg sidan dette er heilautomatisert.

Til toppen