EFFEKTIVISERING: Ei prosjektgruppe med Kari Voldum som leiar, ser på korleis ein kan effektivisere drifta innanfor pleie og omsorg i Aurland kommune. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Slik skal dei ta ned utgiftene innanfor pleie og omsorg​

Berre i 2017 skal pleie- og omsorgssektoren i Aurland kommune ta ned 3 millionar kroner. Potensialet er endå større. 

Aurland: Ein rapport frå Ressurssenter for omstilling i kommunane (RO) seier Aurland kommune kan ta ned mellom 4-5 millionar kroner på drifta innanfor pleie og omsorg.

Berre i 2017 er det forventa at sektoren skal klare å halde seg innanfor ei ramme som er 3 millionar strammare enn fjoråret. I rapporten vert kommunen råda til å gjere fleire tiltak. I år skal ein konsentrere seg om eit knippe av desse.

– Me har blant anna peikt på kostnadene på tenestene, altså at me kan få meir innteker. Me har sett på vikarbruken, som me vil redusere, og ting som går på samarbeid og kjøp frå eksterne leverandørar, seier Kari Voldum, som er tenesteleiar for området i kommunen og prosjektleiar.

Oppdaterte planar

Sidan seinsommaren 2016 har ei gruppe jobba med desse tiltaka, som vert ein slags utstrekning av rapporten frå RO. Rapporten vart vedteken i juni i fjor. 

Men arbeidet strekker seg eigentleg heilt tilbake til 2012 og innføringa av samhandlingsreforma, der kommunane skulle få fleire oppgåver. 

– Me hadde gamle planar som ikkje tok høgde for reforma. I 2013-2014 starta arbeidet med ein helse- og omsorgsplan som vart gjort om til ein kommunedelplan. Det er eg glad for fordi planen vil då bli rullert i periodar framover og handtert på ein heilt annan måte enn tidlegare, fortel Voldum. 

– I delplanen vart det vedteke og peikt på ein del område som me i dag jobbar med. Dette heng saman. Så har me hatt RO inne for å hjelpe oss med ein ganske stor gjennomgang av heile området. 

Mange tiltak

I rapporten vert det altså peika på fleire tiltak, både på kort og lang sikt. 

– Det handlar i korte trekk om korleis me kan effektivisera drifta vår på kor og lang sikt for at dette skal vere berekraftig. Desse tenestene esar og aukar. Me blir fleire og fleire, og korleis skal ein kommune klare å handtere det?

– Me har store budsjett med ei budsjettramme som no er 3 millionar lågare enn i fjor, så det ligg allereie forventningar, men det har også noko å gjere med den litt endra skatteinngangen som kom brått på, seier Voldum og siktar til dei 12 millionane Aurland mistar.

Fleire oppgåver, strammare økonomi

Å drive kommune kan ein kanskje seie blir vanskelegare og vanskelegare. Kommunane får stadig fleire oppgåver, men økonomien vert ikkje betre. 

– Kan ein bli litt irritert av slikt?

– Ja, det er vel litt irriterande, smiler Voldum, men seier det også kan vere interessant med nye oppgåver.

– Får ein til å handtere dette på ein god måte, slik at ein får god flyt i det, blir det meir interessant og spennande. Slik kan ein få større utfordringar og utvikle fagmiljø, så det er ikkje berre gale.

Arbeidet vil no halde fram i året som kjem. RO skal inn att i prosessen og bidra vidare før ein startar å konkretisere og gjennomfører ein del av tiltaka. Måndag var det møte mellom kommunen og RO. 

– Dette gjeld mellom anna eit rehabiliteringsprosjekt. I tillegg skal me jobba med turnus- og heiltidskultur. Det er kjempeviktig fordi det framleis er for mange deltidsstillingar. Dette er ein nøydd til å gjere noko med. Dessutan har ein dette med sakshandsaming og tildeling av tenester.

Til toppen