Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane.
Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane. (Bilde: Statens vegvesen)

Slik skal det ikkje sjå ut i eit vegkryss – Trygg Trafikk ber folk stusse hekken

Små barn på skulevegen blir lett usynlige bak store hekkar og busker. Dette kan føre til farlege situasjonar i trafikken.

Årdal: Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane.

Trafikantane mistar ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert skjulte av grøne buskvekstar.

Ein lovpålagt stuss

Folk som bur langs trafikkerte vegar, pliktar å klyppe hekkar og busker på eigendommane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik.

– I disse dagar startar barna på skulen igjen, og me ønskjer at flest mogleg skal gå og sykle. Då må det leggast til rette for at det kan skje på ein sikker måte. Barna må vere synlege langs vegane, seier distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane.

Dette er faktisk eit ansvar som er nedfelt i Vegtrafikklova. Det er du som bur langs vegen som har ansvar for å sørge for fri sikt ved å klyppe busker og hekk på eigendommen din.

Det skal vere god sikt ved vegkryss og ved avkjørsla. Mange bilistar må også krysse gang- og sykkelvegar for å køyre ut på vegen. Då må dei lett kunne sjå både små og store trafikantar.

Berre ein halvmeter

Når du står fire meter inn i avkjørselen din, skal du ha minst 20 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen, ifølgje lova. Hekk og gjerde skal heller ikkje være høgare enn 50 centimeter ved avkjørsla.

– Det kan av mange oppfattast som svært lågt. Eg trur ikkje alle kjenner til denne bestemminga. Det er i alle fall mange hekkar som blokkerer sikten, seier Heggestad.

Til toppen