PROTOTYPE: Snikkar Arne Stende (Alle Gode Ting er Tre), kultursjef Jon Eggen (Vang kommune), smeden Morten Romslo (Romslo mekaniske) og Bjørn Ivar Østgård (Romslo mekaniske) ser ut til å trivast godt på benken. Foto: Rune Vik. 
PROTOTYPE: Snikkar Arne Stende (Alle Gode Ting er Tre), kultursjef Jon Eggen (Vang kommune), smeden Morten Romslo (Romslo mekaniske) og Bjørn Ivar Østgård (Romslo mekaniske) ser ut til å trivast godt på benken. Foto: Rune Vik. 

Slik skal Kongevegbenken sjå ut

Måndag vart den første prototypen av dei nye Kongevegbenkane testa.

Filefjell: Benkane er designa av landskapsarkitekt MNLA Rune Vik, og vert plassert ut på utvalde stader langs Kongevegen over Filefjell.

– Eg blei kontakta av kultursjefen i Vang som spurte om eg kunne koma med forslag til utsjånad på benkar og bord, fortel Vik til porten.no.

Grunntanken bak designet er setet i ei hestevogn sidan Kongevegen var det første køyrevegen mellom aust og vest.

– Innfallsvinkelen var ein karjol som er brukt i logoen til Kongevegen. I går prøvde me ut prototypen. Ein har prøvd å behalde gyngekarakteren, slik at når ein sit på benken, så gyngar den litt, fortel landskapsarkiteten vidare.

Moderne form

Benken har ein klar karakter og moderne form. Ved å vera enkel i formspråket kan benken passa inn og stå fleire stader. 

– Ideen er at han skal vera eit gjenkjenneleg element for strekninga. Dei fleste benkane skal stå ute i naturen, men enkelte vil stå inn mot bygningar, så den må passe inn over alt.

Benken er solid med kraftige dimensjonar slik at den toler å bli brukt og slitt. I understellet er det nytta cortenstål, som får eit ytre rustlag, og som hindrar vidare rusting. Dette stålet er allereie nytta i oppslagstavler på Kongevegen. 

Lokale handverkarar

Kongevegen over Filefjell er eit stort satsingsprosjekt som aktørar på begge sider av fjellet er tungt inne i. Prosjektet ønskjer å formidle den nasjonalt viktige samferdslehistoria over Filefjell, og å leggje til rette for ein 10 mil lang, samanhengande kulturhistorisk turveg mellom Lærdalsøyri og Vang.

– Korleis er det å få sjansen til å designe noko som er ein del av eit så stort prosjekt, og som skal stå der i mange år framover?

– Det er jo moro det, og særleg fordi Kongevegen går gjennom Vang der eg bur. Det er også moro at benkane vert laga av lokale handverkarar, seiar Vik.

Til toppen