ENKLE TILTAK: Stein Vidar Nemeth (Sp) meinar at tiltak som bassengovertrekk for å spare energi, bør på plass så fort som råd. Foto: Ina Eirin Eliassen
ENKLE TILTAK: Stein Vidar Nemeth (Sp) meinar at tiltak som bassengovertrekk for å spare energi, bør på plass så fort som råd. Foto: Ina Eirin Eliassen

Slik skal Lærdal kommune spare energi og klima

Kommunestyret i Lærdal vedtok torsdag ein Enøk-plan. Det er eit verktøy for å mellom anna nå målet om å bli den kommunen i fylket som har best kontroll på eigen energibruk. 

Enøk-planen er forankra i "Klima- og energiplan for Lærdal kommune" og er eit verktøy for korleis kommunen skal prioritere og gjennomføre effektiv energibruk, løysingar som gir lite avfall og minke utsleppa av klimagassar og luftureining. Planen gir eit oversyn av bygg, ressurar og status for energibruk i kommunen. 

Etter gjennomgang av alle større kommunale bygg i Lærdal har ein avdekka at ein kan spara 31 prosent, noko som utgjer 1 500 000 kWh. Men for å oppnå dette er behovet for investering på kring 10 millionar kroner, går det fram av planen. 

Du finn Enøk-planen til Lærdal kommune her

Kommunens verktøy til arbeidet

Det er sett av lite pengar til investeringar i 2015, difor skal dette året blir brukt til kompetanseheving i form av kurs for tilsette og energioppfølging. Enøk-planen, som gjeld frå neste år, inneheld ein kortsiktig handlingsplan for eitt år med konkrete aktivitetar og skal reviderast kvart år i samband med budsjettprosessen. I tillegg inneheld Enøk-planen eit overordna handlingsprogam som gjeld for fire år. 

I 2012 søkte kommunen Enova om tilskot frå energifondet til å utarbeide Enøk-planen og fekk 100.000 kroner til arbeidet. Av ulike årsaker måtte kommunen utsette ferdigstillinga av planen og fekk ein frist av Enova til slutten av juni 2015. 

Planen vart vedteke i sist formannskap, med eit tillegg frå Gro Starheimsæter (Sp) om å nytte andre klimanøytrale energiberarar enn varmepumper der det er høveleg. Starheimsæter forklarar at då utviklinga av teknologi skjer raskt, er det viktig å ha med andre klimanøytrale enegiberarar slik at planen kan gjelde ei stund. 

– Må henga i hop med andre planar i kommunen

Enøk-planen vart vedteke samrøystes i kommunestyret torsdag.  

Senterparti, Arbeiderparti, Venstre og Høgre vart stort sett einige om at Enøk-planen er ein god plan å jobbe vidare med, då den innheld konkrete tiltak både på kort og lang sikt. 

Stein Vidar Nemeth (Sp) peikar på det det ligg inne mykje vedlikehald i planen og lurer på om ein har starta å bruka av dei 500.000 kronene som er sett av i budsjettet. Alf Olsen jr. fortel at kva som er nytta av denne potten ikkje fysisk er sett inn i planen, men vil koma på plass så snart kommunestyret har handsama den.  

Olav Grøttebø (V) peikar på at ei utfordring til neste kommunestyre er kva som skal prioriterast av investeringar for å oppnå ein meir effektiv energibruk. 

Trond Øyen Einemo (H) legg vekt på at det er viktig Enøk-planen heng i hop med mellom anna investeringsplanen og kva som skal byggast i kommunen. 

For å få ei betre blikk på kva som er vedteke av planar, spør Jan Olav Fretland (SV) etter ein oversikt når ein jobber med drift- og investeringsbudsjett, for å sikre Enøk-planen si forankring i økonomiplanen til kommunen. Olsen jr. seier administrasjonen har jobba mykje med økonomiplanen, men at innspela frå kommunstyret er noko han vil ta med seg vidare i arbeidet. 

Strakstiltak – frå neste år

Enøk-planen listar opp fleire strakstiltak som har innteningstid på under eitt år og liten investeringskostnad. 

Nemeth (Sp) peikar på at han tok opp å legge bassengovertrekk over dei to bassenga i Lærdal under eit kommunestyremøte for nokre år sidan, men fekk til svar at det ikkje hadde nokon effekt. 

– Dette punktet er no med i Enøk-planen i 2016, då ein ser at bassengovertrekk gjer at ein sparar 25 000 kWh på kvart basseng. Dette er eit enkelt tiltak som bør gjerast så snart som råd, seier han. 

Olsen jr. seier det ikkje er noko grunn til å vente med slike ting som bassengovertekk, sjølv om bassenget på Lærdalsøyri skule no er mellombels stengt, då det har gått ei takplate. I tillegg er bassenget på Borgund stengt grunna renoveringar.  

Til toppen