Sogndal: Den 10. januar startar Sogndal opp treninga etter ferien. Allereie no er oversikta over treningskampane i forsesongen meir eller mindre klar.

Sogndal har ti kampar på kalendaren, mellom anna mot Strømsgodset, Lillestrøm og to mot Brann. Laget skal fram mot sesongstart 1. april vere på to treningsleirar i Spania.
Første kamp ut er mot Førde i midten av januar, før OBOS-klare Florø kjem på besøk ei knapp veke seinare. I mars kjem eliteseriemotstandarane på rekke og rad.
– Me er særs godt nøgde med neste års oppsett so langt, der me får mange kampar mot gode lag, seier Håvard Flo i ei pressemelding frå klubben i dag.
Slik ser opplegget ut førebels:
- 15. januar klokka 14.00 i Sognahallen: Sogndal - Førde
- 21. januar klokka 14.00 i Sognahallen: Sogndal - Florø
- 29. januar klokka 12.00 i Sognahallen: Sogndal - Kristiansund
Cran Canaria: Treningsleir i Puerto Rico frå 1. til 15. februar:
- 13. februar klokka 11.30 i Maspalomas: Sogndal - Brann
- 19. februar klokka 13.00 i Sognahallen: Sogndal - Åsane
Spania: Treningsleir i Marbella frå 27. februar til 8. mars
- Her blir det jobba med å få til ein kamp mot internasjonal motstand.
- 9. mars klokka 12.00: Lillestrøm - Sogndal *
- 14. mars: Sogndal heime, motstandar uavklart *
- 18. mars: Strømsgodset - Sogndal *
- 25. mars klokka 16.00 i Bergen: Brann - Sogndal *
* Her er ikkje alle detaljar spikra.