HARD JOBBING: Ole Erik Grinde og Sogndal har same tilnærming til mental trening som til alt anna som skjer i klubben: det handlar om hard jobbing. Og det viktigaste er det som skjer på treningsfeltet.
HARD JOBBING: Ole Erik Grinde og Sogndal har same tilnærming til mental trening som til alt anna som skjer i klubben: det handlar om hard jobbing. Og det viktigaste er det som skjer på treningsfeltet.

Slik skal Sogndal takle medgangen

Historia har vist at Sogndal taklar motgang. Men oppturen klubben no opplever er dei ikkje like vane med. – Det er kanskje i denne perioden me jobbar hardast, seier mental trenar Ole Erik Grinde.

Sogndal: Sidan Eirik Bakke tok over trenaransvaret for halvannan år sidan har det meste gått på skinner. Opprykket vart sikra på første forsøk, medan første halvdel av eliteserien har resultert i ei rekordrekkje på elleve kampar utan tap.

Det heile er toppa av ein imponerande poengfast dei fem siste kampane. Tre sigrar og to uavgjorte er likt med serieleiar Rosenborg på formtabellen.

– Det skapar sjølvtillit å levera såpass gode resultat. Så er det vår jobb å forvalta det riktig framover. Det gjer me best ved å ta nye steg, seier Ole Erik Grinde, mental trenar i Sogndal Fotball.

– Me jaktar heile tida nye moglegheiter til å bli betre. Det kjem me til å halda fram med uavhengig av kortsiktige resultat. Og dess betre me blir, dess hardare må me jobba for dei neste tidelane. Slik er toppidretten. Me er i ferd med å få ein kultur på at det er moro å jakta ny utvikling, seier han.

Les også: TV-ekspertane let seg imponere av Sogndal

JUBEL: Med fire mål på dei fire siste kampane er Ole Amund Sveen eit godt bilete på oppturen Sogndal no opplever. Ein opptur som først og fremst er tufta på beinhard innsats.
JUBEL: Med fire mål på dei fire siste kampane er Ole Amund Sveen eit godt bilete på oppturen Sogndal no opplever. Ein opptur som først og fremst er tufta på beinhard innsats.

Handlar om å sjå bak resultata

Grinde har dei siste to åra sørga for at klubben har ei systematisk tilnærming til mental trening. Det betyr jamnlege samtalar med spelarane, men først og fremst blir jobben gjort på treningsfeltet.

Spelarane får verktøy dei kan bruke, til dømes for å bli betre til å omstille seg raskt til nye situasjonar på bana. Og den same filosofien gjeld for den mentale treninga som for alt anna som skjer i klubben.

INNSATS: Hard jobbing ligg i botn for dei gode resultata. Her eksemplifisert ved Eirik Birkelund, som bidrog til å springe Rosenborg i senk tidlegare i vår.
INNSATS: Hard jobbing ligg i botn for dei gode resultata. Her eksemplifisert ved Eirik Birkelund, som bidrog til å springe Rosenborg i senk tidlegare i vår.

– Ingen skal jobba hardare enn oss. Då har me lagt eit godt grunnlag for å handtera både oppturar og nedturar. Det er eg overbevist om, seier Grinde.

Les også: No er han klar for å kjempe om ein plass på laget

Det er ikkje tilfeldig at han nemner dei to i same andedrag. Grinde meiner det er same oppskrifta som gjeld, om det så går bra eller dårleg.

– Det me veit i toppidrett er at ting svingar. Og det kan svinga fort. Då handlar det om å handtera dei svingingane slik at me unngår dei store bølgjedalane. Det å tora å sjå bak resultata er etter mi meining den viktigaste oppskrifta, også i medgang. Du må anerkjenna det som var bra, men òg vera sjølvkritisk og leita etter utviklingspotensiale, seier Grinde.

Ærleg og jordnær kultur er nøkkelen

Klubben er ikkje framand for å oppleve motgang. Men det er sjeldan det vert skikkeleg krise. Og tilsvarande, dei gongane det går bra er det sjeldan det tek heilt av.

Det er til dømes ingen i Sogndal som no snakkar om medaljar, sjølv om vegen dit er kortare enn til nedrykk.   

– Eg trur den jordnære kulturen er viktig. Me har vist historisk at me alltid kjem tilbake. Det gir tryggleik i organisasjonen. Samstundes trur eg det er fullt mogleg å bruke den same kulturen når me lukkast, seier Grinde.

Han trur det heile botnar i ein fundamental ærlegheit.

– I fotballen så pregar resultata fort oppfatninga av kampen. Men det er sjeldan så bra som det ser ut til og sjeldan så dårleg som det ser ut til. Me prøver å vera råe på å gjera analysar og vera ærlege, seier Grinde.

KOLLEKTIVET I FOKUS: I ein klubb som Sogndal er det ikkje rom for stjernenykker. Både spelarane og folk rundt klubben fortel om eit sjeldant godt samhald. 
KOLLEKTIVET I FOKUS: I ein klubb som Sogndal er det ikkje rom for stjernenykker. Både spelarane og folk rundt klubben fortel om eit sjeldant godt samhald. 

– Du kjem ikkje utanom hardt arbeid

Sjølv om laget er i storform, betyr det ikkje at alle spelarane i troppen er det. Dei to opplagte eksempla akkurat no er Kristian Fardal Opseth og Mahatma Otoo. I fjor vart dei hylla som toppscorarar, i år må dei stort sett slite benken.

Og medan dei personleg strevar i motbakke, er dei omringa av lagkameratar som svevar på ei sky av medgang.

MOTBAKKE: Medan laget presterer er Mahatma Otoo ein av dei som opplever personleg motgang. I fjor var han toppscorar, i år må han kjempe for kvart minutt på bana.
MOTBAKKE: Medan laget presterer er Mahatma Otoo ein av dei som opplever personleg motgang. I fjor var han toppscorar, i år må han kjempe for kvart minutt på bana.

– I lagidrett er det utfordrande å vera den som er utanfor. Då handlar det om å bretta opp ermane og byggja seg opp att med beintøff jobbing i kvardagen. Då er du klar til å gripa sjansen når den kjem. Du kjem ikkje utanom hardt arbeid, seier Grinde

– Samstundes er det viktig å poengtera at i denne gruppa så handlar det om laget, om kollektivet. Me må kunne unna kvarandre å lukkast, seier han.

Les også: Søndag må Sogndal greie seg utan denne superduoen

Her kan det vere på tide å påpeike det openberre. Rekkja utan tap vil ikkje vare evig. Sogndal kjem ikkje til å toppe formtabellen ut sesongen. Men når motgangen kjem ligg den same filosofien i botn. Det er berre hard jobbing som nyttar. 

Det er den same oppskrifta som har gitt suksess i fleire tiår. Og som no inkluderer medviten jobbing med det mentale. Då gjer det ikkje noko om det kjem eit tap eller to.

– Viss me greier å finna læring i dei situasjonane der me kanskje mislukkast, viss spelarane greier å gjera det i trening og i kamp, så vil vi veksa over tid. Det er vår måte å jobba på, seier Grinde.

Til toppen